Hopp til hovedinnhold
av Ine Lavik sist endret 2024-10-10T15:39:31+02:00
I 2024 feirar Magnus Lagabøtes landslov 750 år. Korleis gjekk kong Magnus fram då han «bøtte på» lovene?
Onsdag 6. november 18:00
Hovedbiblioteket, Vårt Vestland

Kontakt

Ine Lavik

Med Landslova av 1274 vart det for fyrste gong lik lov i heile Noreg, og lova markerer eit tidsskilje i norsk rettshistorie. På den eine sida er lova open om at den byggjer på eldre lover, og me kan følgje linjene langt tilbake i norsk historie. På den andre sida inneheld Landslova fleire viktige lovreformer for ulike samfunnsgrupper.

Før Landslova var det ulike lover i dei ulike delane av Noreg. Då Noreg fekk éi lov, så kombinerte ein reglar frå heile Noreg i same lovbok. Reglar om vegar frå Vestlandet møter reglar om elvar frå Austlandet, og eldre reglar om tjuveri frå både Frostatingslova og Gulatingslova står saman med heilt ny rett. Postdoktor og rettshistorikar Brage Thunestvedt Hatløy frå Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen forklarar rettslege reformar i høgmellomalderen med døme frå alle delar av landet og fleire delar av lovboka. Føredraget gir eit innblikk i og forklarar reglar frå Landslova, reglar som også fortel oss om det norske samfunnet i mellomalderen.

Å «bøte på» lovene – Ny og gammal rett i Landslova av 1274