- https://bergenbibliotek.no/arrangement/folkemusikkens-kveld-synneva-gjelland-med-band
- Folkemusikkens kveld: Synneva Gjelland syng Halldis Moren Vesaas
- 2024-10-30T18:00:00+01:00
- 2024-10-30T19:00:00+01:00
- Synneva Gjelland syng dikt av Halldis Moren Vesaas.
Synneva Gjelland med band er ein konstellasjon med dyktige og frie musikarar som, med speleglede og stor formidlingsemne, har eit ynskje om å fortelje fleire om forfattarskapet til Halldis Moren Vesaas ved å tonesetja hennar sterke dikting. Gjelland sjølv kjem frå visesjangeren, men med ein god dose folkemusikk i både morsmjølk, nisteboksen og heimabrygget er det i folketonane ho kjenner seg heime. Ein oppvekst på eit gardsbruk på Voss med skrøner og folkeviser i gode lag og felespel ved store og små merkedagar har sett sitt preg på musikken ho lagar.
Etter skulering i viser og folkemusikk på Rauland og i Sverige, har ho vendt tilbake til gardslivet med fela på ryggen og songane på lur.
SYNNEVA GJELLAND - Sang, piano, gitar, fele & komposisjon
JOHANNA SEIM - Hardingfele
PÅL JØRGEN VOLAN - Bass
SVEIN LAINGEN KJÆRLAND - Fele
ARE AUGUST FLANNAGAN FURUBOTN - Trekkspel
Gratis inngang.
Arrangementet har fått stønad frå Norsk Senter for Folkemusikk og Folkedans, og Norsk Musikkbibliotekforening.