Hopp til hovedinnhold
av Marie Amdam sist endret 2026-01-12T10:57:31+01:00
Velkommen til forfattarsamtale med Agnes Ravatn om Doggerland.
Onsdag 29. april 18:00
Åsane bibliotek

Kontakt

I den mektige Høst-familien har forlagsverksemd vore livsgrunnlaget i generasjonar. No er det tid for eit skifte: Matriark og forleggar Myrna Høst nærmar seg pensjonsalder, og dei to barna hennar – den litterært gåverike Filip og den økonomisk orienterte Henny – posisjonerer seg begge for å ta over.

Men når Myrna kallar inn familien til strategisamling på ei isolert øy i havgapet, er det ikkje berre framtida til forlaget som skal avgjerast. I utkanten av maktkampen står Edda. Ho er redaktør og gift med Filip - og meir innvoven i familieløyndomane enn nokon anar. Når det dukkar opp eit manuskript som trugar med å avsløre alt, er det duka for eit klaustrofobisk oppgjer mellom generasjonar, mellom litterære ideal og kommersiell overleving, og mellom løgn og sanning.  Korleis kan Edda bevare løyndomen sin når både forlaget og hennar eiga framtid står på spel?

I denne skarpe og intense romanen utforskar Ravatn korleis makt, arv og løgner spelar seg ut i ei tid der sjølve eksistensen av litteraturen er truga.

Doggerland er eit intenst kammerspel  om ein familie og eit forlag på randa av kollaps. Møt Ravatn i samtale med litteraturformidlar Marie Amdam ved Bergen Off. Bibliotek. 

Samtale med Agnes Ravatn om Doggerland