Hopp til hovedinnhold
av admin sist endret 2022-11-16T11:41:06+01:00
Den 9. oktober 2003 sendte biblioteket ut en serie spørsmål til forfattere tilknyttet vestlandet. Spørsmålene er gjengitt i kortform.
Korleis ser arbeidsdagen din ut?

Eg prøver å finne ein balanse mellom inntektsbringande arbeid og skriving. Eg lever ikkje av å skrive. Viss eg er heldig, kan og vanleg arbeid verke inspirerande på skrivinga, både som trygg økonomisk ramme, og som ein stad å gjere noko heilt anna.

I skriveperiodar arbeidar eg på ein kvar ledig dag, eller om kvelden viss eg har fri dagen etterpå. Ofte går eg, eller padla ein tur aleine før eg byrjar skrive for slik å få tankane igong, og la assosiasjonsrekkjene spele seg ut.

Kva er bakgrunnen din?

I hovedsak akademisk, utan at eg kjenner meg som ein akademiker av den grunn. Har gått på Grafisk Design Skulen ved MI (Oslo), Skrivekunstakademiet i Hordaland, har kunsthistorie (UIB), litteratur (UIB) og samfunnsfag (HSF), samt mastergrad i litteratur (UIB).

Eg byrja skrive kortprosa som augneblikkskildringar på gymnaset. Denne forma er intuitiv, eg fortsette med å utforske dette på Skrivekunstakademiet der eg gjekk i 96-97. Eg har heile tida hatt tekstar i ulike magasin og antologiar, men debuterte med ei diktsamling først våren 2003.

Eg har og sett mi eiga skriving som ei vidareføring av ei stor interesse for måling og teikning; altså biletskapning.

Kva litterær tradisjon eller familie føler du deg i slekt med, gjev det meining for deg litterært å snakke med denne familien?

Eugene Guillevic, Ingeborg Bachmann, Virginia Woolf, Jon Fosse, Gunnar Wærness, Eva Strøm, Charles Peguy, Steinar Opstad, Knut Hamsun, Gabriel Garcia Marquez.

Er dette ein familie? Ein fantastisk familie? Eg er ikkje i dialog, men har hatt ulike forfattarar lyse opp min skrift og mitt syn på eiga skrift. Eg har den same tilnærminga til litteraturen si verd som til røynda: det eg fell for får sive inn og danne eit nytt verdsbilete, før eller sida vil ein vende seg i forhold til dette, men gradvis.

Kva er det som driv deg til å skrive?

Å nekte å la seg drive med inspirasjonen når den kjem ville vere eit svik mot meg sjølv. Tidsaspektet i arbeidet som heldt meg fast. Å være i skrivehandlinga. Litteraturen som eit rom utan ende som vi alle er med på å dyrke opp og utforske ved skrifta. Det fantastiske, det overskridande ved litteraturen. Spaninga, kommunikasjonen med ulike tider og verdener. Mystikken, estetikken, etikken. Skrivinga ein ei alternativ tid, antilineær, og difor meiningsfull. Skrivinga er for meg meiningsskapning. Ting som tilsynelatande verkar meiningslause får gjennom skrifta samanheng og meining.

Kan du fortelja om nokon store skriveopplevingar?

Resultatet er ei novelle, i Vinduet nr. 1 97. Var på fantastisk middag hos kjæresten med masse raudvin og god mat. Frå kjøkkenvindauga såg eg tilfeldigvis månen kome fram mellom to skyer, og eit heilt minne i fiksjonsform tok med eit form, eg gjekk frå selskapet heim til hybelen. Skreiv heile natta, skreiv denne novella, mi einaste, til no.

Korleis stiller du deg til begrepa ”biografi” og ”minne” i eige skriving?

Eg har aldri tenkt på begrepet biografi, anna enn då Tomas Espedal sin Biografi kom ut. Biografi blir for meg å sjå minna med andre auger, det vil seie, eg skapar mi fortid på nytt, ei fortid eg ikkje før har sett.