Hopp til hovedinnhold
av admin sist endret 2022-11-16T11:41:38+01:00
Den 9.oktober 2003 sendte biblioteket ut en serie spørsmål til forfattere tilknyttet vestlandet. Spørsmålene er gjengitt i kortform.

Korleis ser arbeidsdagen din ut?

Denne skrivaren har ingen normalarbeidsdag, men skriv i periodar svært intenst og konsentrert. Då vert alt anna rydda unna - for ei dag, ei veke, ein månd eller meir. Skriving er ei lyst, ei glede, ei plage, ei pine, eit naudsynt gjeremål og ei livsform. Alt anna er jobb.

Kva er bakgrunnen din?

Cand.mag. med faga keramikk og filosofi, ein lesar med stor og allsidig apetitt. Som keramikar arbeidde eg deltid på galleri, kontor, butikk og fabrikk, som forfattar kan eg bruka alt saman direkte og indirekte - det heiter livserfaring. Eg fekk ein reunion med mi eiga skriving då eg las dårlege barnebøker for sonen min og tenkte “det der skulle eg ha gjort betre sjølv” - og så gjorde eg det. Før det hadde eg frå tidleg ungdom skrive litt dikt og mykje brev.

Kva litterær tradisjon eller familie føler du deg i slekt med?

Litteraturvitarane får gjerne plassera meg i ein tradisjon, men eg gjer det ikkje sjølv. Har slekt og vener i Sunnhordland, og ettersom Sunnhordlandsforfattar er eit begrep det er gjort mykje merkevarebygging på, får eg vel nemna det her, endå om varene som vert selt under dette merket, har svært ulik kvalitet på form og innhald.

Kva er det som driv deg til å skrive?

Eg skriv på oppdrag frå meg sjølv eller andre. Det er meir som driv meg frå å skriva enn som driv meg til det i kvardagen, men det har blitt ei livsform som erstattar rikdom og åtgaum, eit liv på eigne premissar som gjer det uthaldeleg, om ikkje alltid meiningsfylt.

Kan du fortelja om nokon store skriveopplevingar?

Ei av bildebøkene mine for barn kom til meg i løpet av ein ettermiddag, fiks ferdig med tittel og alt på fem timar: Eg øver meg, eg øver meg vann ein nordisk bildebokkonkurranse. Det treng ikkje vera dårleg om det kjem lett, for etter at eg mistruisk hadde snudd og vendt og stokka og stroke i manus mange gonger, var det tilbake i si opprinnelege form og var slik det skulle vera. Illustratøren gjorde forteljinga tostemt, og med premiar og omsettingar, hadde eg over tusen kroner ordet. Til samanlikning tok bildeboka som vann Bragepris 2003, Flugepapir, fem år å få på plass, med fleire store omskrivingar og lange periodar i skuffa. Elles har prosjekt som Landskapskunst i Årdal med Tekst i terreng vore inspirerande å vera med på.

Korleis stiller du deg til begrepa ”biografi” og ”minne” i eige skriving?

I mi skriving driv eg mykje “indre research”, men det kjem aldri ut att på same vis og i same rekkjefølgje som det kom inn; eg skriv fritt etter minnet, noko vert lagt til og mykje trekt frå. Om “biografi” vil eg ikkje skriva her, det vert for langt og teoretisk.