Hopp til hovedinnhold
av admin sist endret 2022-11-16T12:42:16+02:00
Den 9. oktober 2003 sendte biblioteket ut en serie spørsmål til forfattere tilknyttet vestlandet. Spørsmålene er gjengitt i kortform.
Korleis ser arbeidsdagen din ut?

Eg har leigd med eit kontor på verftet, USF, i Bergen. Hit går eg stort sett kvar dag i vekene, for eg prøver å ha så "vanlege" arbeidsdagar som mogeleg. Drikk kaffe, brus og skriv litt når eg får det til. Skriv eg nokre linjer eller eit dikt har det vore ein ok arbeidsdag. I og med at eg reiser mykje omkring å les dikt på arrangement, så er det bra at heimen min ikkje er noko arbeidsstad men til å kvila i. Difor er kontor eller ein stad å gå til for å arbeida bra for meg. Då må eg få fart på ræva og komma meg ut dørene også.

Kva er bakgrunnen din?

Mor mi fann ei diktsamling eg hadde laga i 1983. Så eg byrja vel med slikt når eg var ein 12-13. Men det var i studietida mi, mest i Sogndal, frå 89-98 at det tok litt meir av. Mange opplevingar mellom bøker og bokhyller, pils og jenter, som måtte setjast ord på. Då eg jobba i Oslo kommune 1998-2000 fann eg fort ut at det var kjekkare å skriva enn å jobba med kommune greier. Den kjedelege tilværselsen inspirerte meg til å skriva sjuke ting og historiar.

Kva litterær tradisjon eller familie føler du deg i slekt med?

Vanskeleg spørsmål.....Eg har hatt mest glede av å lesa Hovland, Kalvø, Loe, Nærum og Hjeltnes. Likar naive ting. På den andre sida tykkjer eg at dikta og prosaen til Tor Jonsson er spennande. Har ikkje tenkt over dette med familie, men kanskje andre vil plassare meg i ein familie? Eg trur i så fall det er ein famile som likar det litt enkelt og konkret. Diggar stoff som snakkar eit tydeleg språk, sjølv det kan vera absurd. Vonar ingen over er såra over svaret.

Kva er det som driv deg til å skrive?

Eg er driven av personlege reaksjonar, observasjonar, hat og fortviling, glede og sorg, tomme og fulle dagar. Det kjedelege og det spennande i livet. Ferjeleier og damer. Noko sånt.

Kan du fortelja om nokon store skriveopplevingar?

Det hender eg ler for meg sjølv når eg skriv. Då eg skreiv eit dikt som heiter Slektserotikk, der eg vert forelska i tanta mi, gliste eg godt. Det var ei fin skriveoppleving, for det har jo aldri hendt. Trur eg. Andre gonger har eg glist, utan at eg kanskje burde ha gjort det. Det har vore ein del oppskrytte skriveopplevingar også.

Korleis stiller du deg til begrepa ”biografi” og ”minne” i eige skriving?

Biografi og minne. Vel. Eg brukar alltid eit snev av ting eg har opplevd sjølv eller har interesse for i skrivinga mi. Alt vert jo litt sjølvbiografisk. Og historiane er jo av blanda karakter, her er både gode og dårlege minne. Ellers har pc-en min 500 mb interminne. Det er eg glad for.