Hopp til hovedinnhold

Bridge of Spies

av Anne Merete Hegrenes — sist endret 2023-03-28T13:27:21+02:00
Tom Hanks i historisk spiondrama.
Steven Spielberg

Bridge of Spies

Fox-Paramount Home Entertainment, 2015
voksen

Året er 1957, og den kalde krigen er på høgda. I Brooklyn i New York blir Rudolf Abel arrestert, mistenkt for å vere russisk spion. Forsikringsadvokaten James B. Donovan, med erfaring frå Nürnbergprosessen, blir av amerikanske myndigheiter bedt om å vere forsvararen hans. Noko motvillig tar han på seg oppgåva, vel vitande om at det er eit samfunnspolitisk vanskeleg og upopulært oppdrag. Men Donovan er opptatt av rettferd, og ynskjer at Abel skal bli behandla med respekt av det amerikanske rettssystemet. Han klarer å redde Abel frå dødsstraff, men har ein plan og ein baktanke om at Abel kan vere eit forhandlingskort i ein mogleg framtidig fangeutveksling.

Nokre år seinare, i 1960, blir den amerikanske jagarflygaren Francis Gary Powers skoten ned over Sovjetisk territorium. Han er på sitt fyrste tokt i eit U2-rekognoseringsfly der oppdraget er å fotografere missilar over Sovjetunionen. Powers blir tatt i sovjetisk fangenskap, og dømt til 10 års fengsel for spionasje.

Donovan blir sendt til Aust-Berlin av CIA for å forhandle om utveksling av Abel mot spionpiloten Powers. Men Donovan gir seg ikkje med det. Han vil også prøve å få lauslatt den amerikanske økonomistudenten Frederic Pryor, som urettvist har blitt arrestert for spionasje på aust-tysk side under bygginga av Berlinmuren i 1961. Donovan må forhandle både med sovjetiske og austtyske myndigheter, og med eit ustoppeleg mot jobbar han for å få til ein utvekslingsavtale.

Bridge of Spies er eit velregissert historisk spiondrama, med handling bygd på verkelege hendingar. Filmen er skapt av ingen ringare enn stjerneregissøren Steven Spielberg, med manus skrive av kritikarroste Joel og Ethan Cohen, og Matt Charman. Epoken er særs godt fanga i filmen, og vi får eit nyansert bilde av den voldsame paranoiaen og frykta som prega samtida. Stilistisk er filmen særs truverdig, den er elegant filmatisert og ikkje minst er handlinga historisk interessant.

Det må nemnast at filmen har eit svært solid skodespelarensemble. I hovudrolla finn vi Tom Hanks som James B. Donovan, og rolla som er som skapt for han. Mark Rylance gir liv til ein sympatisk og lun Rudolf Abel, ein prestasjonen som ga han Oscar for beste mannlege birolle.