Hopp til hovedinnhold

Historisk tilbakeblikk

Dei første europeiske bokmerka ein kjenner til, blei nytta av munkar for å halda orden i lesinga av salmar, bøner og Den heilage skrifta. I mellomalderen var bokmerke også brukt i kongelege boksamlingar.

Eit bokmerke er her forstått som eit objekt laga for å leggjast inn i ei bok, slik at lesaren lett kan finna tilbake etter å ha lagt boka frå seg. Bokmerket er altså definert ut frå sin funksjon. Den klassiske silkesnora festa i bokryggen fell utanfor her. Det same gjer bindersar, kammar, handlelister og andre tilfeldige gjenstandar som blir lagt inn i bøker.

Førsteklasses handverk
I mellomalderen og fram til 1800-talet var bokmerket som oftast festa til boka. Dei første frittståande bokmerka ein kjenner til, dukka opp i England i 1850-åra. Dei blei raskt ein vanleg gåveartikkel, laga for hand til familie, vener eller kjærastar. 

Ein type bokmerke som blei svært populært å laga, var broderi på kartong. Ein kunne kjøpa utstansa kartong med små hol i – eit slags halvfabrikat – som ein sjølv broderte på. Den dekorerte kartongen blei ofte festa til eit litt breiare silkeband. Motiva kunne vera ei helsing, ein oppbyggjeleg tekst, initialar eller ei blomeranke. Tradisjonen med å laga slike bokmerke såg ein parallelt i Norge og andre land.

Industrien tok over
Frå ca. 1860 kom industrielt produserte bokmerke i silke på marknaden. Dei hadde ein vevd tekst, og orda var ofte henta frå Bibelen. Desse blei ikkje laga eller tatt i bruk i Norge, der bokmarknaden enno var liten, men ein såg dei i land som USA og England. 

Både dei religiøse silkemerka og den halvfabrikerte, utstansa kartongen var framleis i handelen utetter 1800-talet, men i 1880-åra fekk desse konkurranse frå bokmerke i kraftig papirmateriale. I Norge blei ikkje papirbokmerke laga maskinelt før eit par tiår seinare, frå byrjinga av 1900-talet.

Nytt reklamemedium
Reklameindustrien såg her eit nytt medium – for ikkje å seia massemedium – der dei kunne senda ut ein bodskap. Trykt på eit billeg materiale som papir og i store opplag, blei bokmerket ein artikkel firma og organisasjonar byrja gi bort gratis. Men som gratisartikkel i eit relativt lite slitesterkt materiale, blei bokmerket ein trykksak som lett kunne kastast.

Andre materiale enn papir, som for eksempel celluloid og skinn, har vore nytta for å gjera bokmerket meir haldbart. Bokmerke laga av ei tynn sølvplate – gjerne med inngraverte initialar – var ikkje berre haldbare, men også eksklusive og sjeldne.

Her sovnet jegParallell marknad
Bokmerket er ein mangfaldig nyttegjenstand som blir laga både i heimen og av svært ulike typar produsentar. Det er vanskeleg å femna dei alle, men i grove trekk kan ein likevel oppsummera bokmerket slik me kjenner det i Vesten frå dei siste 150 åra: Det sprang ut frå personleg handverk, og det var noko ein la ned mykje arbeid i. Den forseggjorde nyttegjenstanden var ikkje berre til eigen bruk, men rekna som ein fin ting å gi bort.

Etter den industrielle revolusjonen blei bokmerka masseproduserte – først i silke, deretter kraftig papir.

Bokmerket av papir blei ein billeg, masseprodusert trykksak der reklamemarknaden tok over den nyttige, vesle tekstflata. Det var ikkje lenger ein gåveartikkel, men ein såkalla «give away» med usikker levetid.

Parallelt med reklamebokmerka som blir gitt bort gratis, er det i nyare tid også ein marknad for ekstra fine bokmerke. Ein ser dei ofte til sals som suvenirar i postkortstativ og museumsbutikkar, eller som gåveartiklar i bokhandlar.

Kjelder

Coysh, A.W.: «Collecting bookmarkers», Vancouver 1974
Rickards, Maurice: «The Encyclopedia of Ephemera», London 2000
Økland, Einar: Intervju 30. juli og 6. august 2010
http://www.miragebookmark.ch/wb_history.htm