Hopp til hovedinnhold

Bokmerke

Ein kvar som har lese ei bok har kjent behovet for å markera kor langt ein er komen når ein må leggja boka frå seg. Alt som kan smettast inn mellom to boksider kan gjera nytta. Men parallelt med dei mange ad hoc-løysingane folk har funne hjelp i, finst det ein heil tradisjon for heimelaga og industriproduserte bokmerke.

Det finst ikkje større utstillingar eller samlingar av norske bokmerke, trass i at førekomsten er så stor. Litteratur om dei finst heller ikkje, seier Einar Økland. 


Bokmerka blei først laga for hand, men som følgje av den industrielle utviklinga blei dei etter kvart masseproduserte. Trykte i store opplag på billeg papirmateriale, blei bokmerket ein artikkel firma og organisasjonar byrja gi bort gratis.

Bokmerka kan grupperast etter motiv, tidsepoke, materialtype eller utgivar. Denne samlinga tar hovudsakleg for seg det masseproduserte bokmerket som blei nytta til reklame og informasjon.