Hopp til hovedinnhold

Intervju med Økland om bokmerke

Bokmerket blir tatt fram og kikka på like ofte som boka, og mange har vilja utnytta denne tekstflata til reklame.

bokmerke_de_fire_store– Kva kan bokmerka fortelja?

– Måten dei presenterer seg på, seier noko om sjølvforståinga til ein institusjon eller eit firma. Slik sett er dei interessante for lokalhistorikarar, som ofte samlar både på bokmerke og andre trykksaker frå sitt område. Eg er interessert i bokmerket som masseprodusert kulturuttrykk, altså det som folk flest har sett på, men som er lite påakta og omtalt. Norske bokmerke er ikkje å sjå i større utstillingar, trass i at forekomsten er rikeleg. Litteratur om dei finst heller ikkje.

– Kven har nytta bokmerke til informasjon og reklame i Norge?

Hovudtendensen er at bokhandlar og forlag har nytta bokmerket som ein gratis løpeseddel. Sjølv små distriktsbokhandlarar har kosta på seg sitt eige bokmerke. Forlaga har produsert svært mange med reklame for eigne bøker. Men også dei som stod fjernare frå bokvesenet laga bokmerke med reklame, som for eksempel tannkremprodusentar, bankar, tekstilfabrikkar og forsikringsselskap. På 70-talet delte biblioteka ut sine eigne bokmerke med informasjon om opningstider på eine sida og reklame for private aktørar på baksida.

– Kva haldningar kan ein lesa ut av bokmerka?

– Det ligg ei skjult etisk forplikting i bodskapen på bokmerka. Du skal vera eit godt menneske, du skal lesa for å bli klok og opplyst. I den grad ein kan tolka ein bodskap ut frå dei, er denne at du skal følgja med og bli oppdatert – aldri at du skal slå deg laus. Her finst ingen bodskap av typen «No er det din tur!» eller «Fordi du har fortent det!».

– Kva syn på lesing ligg implisitt hos produsentane av reklamebaserte bokmerke?

– Bokmerket har djupe historiske røter i respekten for lesing. Det blir tatt fram like ofte som boka, og blir kikka på mange gonger. Mange har vilja utnytta denne merksemda, for innan reklamen er gjentakande eksponering ein fordel. Det var viktig at tingen og bodskapen blei oppfatta som noko positivt.

bokmerke_vet_de

– Er bokmerka estetisk interessante?

– Ja, viss det er brukt dyktige designarar. Somme har lagt vinn på grafisk kvalitet, somme er eksklusivt produserte. Men i fleire tiår var bokmerka berre ein enkel trykksak med bokmerke_bokreolerindustrialisert design. Det er når du legg dei saman, du ser kor ulike dei er. Kor mange stader kan du sjå ei slik samling? Dei fleste lesarar har ikkje sett mange bokmerke samla. Mi interesse for norske bokmerke oppstod på 1980-talet då eg såg ei samling britiske i Edinburgh.

– Kvifor interesserer dei deg når dei ofte ikkje har god design?

– I ein større kvardagskulturell samanheng er dette heilt vanleg. Mange trykksaker var gratis, billege, upåakta og trivielle – men aksepterte og brukte av folk flest.

– Viss eg berre skulle plukka ut nokre få etter personleg smak, ville det føra til ei historieforfalsking. Bokmerka blei trykte i store opplag og spreidde anonymt, og eg er interessert i kva som faktisk er blitt spreidd i dette mediet. Eg er interessert i den plassen bøker og lesing har i vår kultur. At bokmerket ikkje blir tillagt betydning, gjer at det får ei viss betydning.