Hopp til hovedinnhold

Bokmerke som samleobjekt

Bokmerka kan grupperast etter motiv, tidsepoke, materialtype eller utgjevar, dvs. avsendar. Sidan bokmerke i stor grad har vore trykksaker til bruk og kast, finst det inga samla oversikt eller oppteljing over omfanget i Norge.

Einar Øklands samling konsentrerer seg hovudsakleg om det masseproduserte bokmerket av papir som blei nytta til reklame og informasjon. Det er difor naturleg å ta utgangspunkt i avsendaren av bodskapen.

Typiske avsendarar var forlag, bibliotek, bokhandlarar, bankar, forsikringsselskap og ideelle organisasjonar. Men også produsentar av hushaldningsartiklar, turistattraksjonar og sjokoladefabrikkar trykte opp bokmerke.

Eit hovudtrekk er at forlag og bokhandlarar brukte bokmerket som ein slags gratis, men nyttig løpeseddel med informasjon om og reklame for bøker.

Bokmerke som ikkje reklamerte for varer, hadde ofte religiøs eller ideologisk bodskap av typen «Husk Herrens ord». Dei kunne også driva informasjonsarbeid. Eit eksempel er Norske Kvinners Sanitetsforening sitt bokmerke: «Slikk ikke på fingrene når du blader i en bok!». Dette var ein del av smittevernkampanjen deira mot tuberkolose.

Glimt frå samlinga

 

HANDLAGA

Det gjennomhola blondepapiret blei oppfunne ved ei arbeidsulykke i England i 1834. Då Joseph Addenbrooke – som eigentleg skulle laga pregtrykk – pressa maskina for hardt saman, blei papiret utstansa i staden for forma. Blondepapiret blei mykje nytta som dekorelement på valentinskort og andre trykksaker.

Den same teknikken blei brukt til å laga fine kantar på kartongstykke som blei nytta som materiale for bokmerke seinare på 1800-talet. Kartongen hadde små hol slik at folk kunne brodera og setja sitt eige preg på bokmerket. Bokmerket nedanfor er funne inni ei norsk bok og er truleg frå 1890-åra.

okland_bokmerke_minde

CELLULOID

Celluloid var forløparen til plast, og eit typisk materiale for mellomkrigstida. Sjølv om rektangelet har vore det vanlegaste formatet for bokmerke, fanst det også dei som hadde fasong etter produktet dei reklamerte for.
okland_bokmerke_stomatol

bokmerke_sverdkort

SILKE

Såkalla «silks» ser ein lite av i Norge, men Arne fabrikker og Trengereid fabrikker har laga desse to bokmerka i silke med vevd tekst.

Silkebokmerke

MARKERINGAR OG MINNE

Bokmerket er blitt brukt til å markera jubileum og andre hendingar. Det brune bokmerket i skinn blei laga til Bjørnsons hundreårsjubileum i 1932. Det raude er også i skinn, og er ein suvenir frå Oslo by.

okland_bokmerke_bjornstjerne_bjornsonokland_bokmerke_oslo_rotert

RELIGIØSE

«Den typen bokmerke som har halde seg lengst, er dei som har ein religiøs bodskap. Ofte er dei i silke med påtrykt tekst.» Einar Økland

Religiøse bokmerke

 

INFORMASJON

Bruken av det i og for seg nyttige bokmerket er blitt utvida ytterlegare ved å gi informasjon i staden for reklame. Eksempel på slik informasjon er rutetider, naudnummer og opningstider.
Informasjonsbokmerker

REKLAME FOR FORLAG

«Frå etterkrigstida og fram mot 60-åra var det svært vanleg at forlag reklamerte for sine eigne bøker på bokmerke. Desse er taktfulle, og minner berre om at bøkene finst. I fleire tiår var bokmerka ein enkel trykksak med industrialisert design, men viss du legg dei saman, ser du kor ulike dei er. Her er lite prangande bildebruk, men mange forfattarportrett og bygningar.» Einar Økland
Reklame for forlag

REKLAME FOR BOKHANDLAR

«Desse forsøker å haika med leseinteressa til kunden. Det er ein gest frå bokhandlarens side å leggja noko ved boka. Sidan bokmerket er ein bruksgjenstand, er det mindre påtrengjande å gi enn ein brosjyre. Bokmerket roper ikkje ut at det er reklame – det er som å få med eit par ekstra skolisser når du kjøper sko.» Einar Økland
Reklame for bokhandlar

REKLAME FOR ANDRE

«Bokmerket er eit lite reklamebilag, men det reklamemessige er relativt neddempa. I den grad dei kjem med nokon oppfordring, er det som oftast til å følgja med og vera oppdatert. Dei seier ikkje «No er det din tur» eller «Fordi du har fortent det».» Einar Økland