Hopp til hovedinnhold

Historisk tilbakeblikk

Brevmerket med sine taggete kantar liknar mykje på frimerket i storleik og utforming, men har ingen postal verdi. Det er laga på privat initiativ for å skapa merksemd om utgivaren, og har ein reklamerande, informerande og somme tider veldedig funksjon. Det vesle dekorative merket hadde si glanstid i åra før første verdskrigen.

Kva tid dei aller første brevmerka dukka opp er usikkert, men på 1890-talet slo denne trykksaken gjennom i Tyskland. Det nye reklamemediet spreidde seg raskt til andre  brevmerke_jubileumsutstilling_sandneseuropeiske land og til USA.

Første norske i 1897
Det første brevmerket som er kjent i Norge, blei laga til ei industri- og landbruksutstilling på Lillehammer allereie i 1897, men først rundt 1904 tok produksjonen av brevmerke seg opp her i landet.

Typisk for brevmerka er at dei nettopp blei laga for å skapa blest om utstillingar, byjubileum og andre aktuelle, tidsavgrensa hendingar. Arrangørane limte merka på postsendingane sine, og slik fungerte brevmerka som ein liten plakat for arrangementet.

Brevmerket blei raskt populært blant brukarane, og stadig fleire aktørar fekk lyst til å skaffa seg eit. Det fanst knapt den utstilling, messe eller aksjon som ikkje gav ut sitt eige brevmerke. Merka var aktualitetsorienterte og reklamerte som regel for ei vare, ei hending eller ei idealistisk eller politisk haldning.

Blei samleobjekt
På byrjinga av 1900-talet myldra det med kaffikort og andre typar små, gratis trykksaker som brevmerke_nilfiskkombinerte fargerike bilde og reklame – trykksaker som var meinte for samling. Også brevmerket blei tatt i bruk som eit slags samlemerke av varehandelen, som byrja gi ut merke i lange seriar. Mange av desse blei aldri nytta på brevpost, men gjekk direkte inn i barns samlingar.

Julemerka
Det veldedige og sesongavhengige julemerket er ei undergruppe av brevmerket, og blei oppfunne i Danmark i 1904. I staden for gratis merke med eigenreklame, byrja veldedige organisasjonar å selja dekorative brevmerke til juleposten, og inntekta gjekk til ei god sak. Det første norske julemerket kom i 1906, og blei selt til inntekt for Norske Kvinners Sanitetsforenings kamp mot tuberkulosen. Motivet var ei brevmerke_julen_1919enkel strekteikning av vår nye dronning, Maud. Fleire religiøse og veldedige organisasjonar byrja gi ut julemerke årleg, og merka slo svært godt an.

Merkatar
Ei anna undergruppe av brevmerket er merkaten. Den liknar på brevmerket i funksjon og storleik, men har som oftast ikkje taggar. Merkaten var ei dansk oppfinning og blei registrert som varemerke i 1931. Merkatane var også reklameberande og blei brukte på same måten som brevmerka, men blei produserte av eigne byrå. Utgivingane var nummererte og meir standardiserte enn dei opprinnelege brevmerka, som kven som helst kunne gi ut. Det kom ut over 15.500 ulike merkatar før 1987, alle trykte i Danmark. Rundt 3.000 av desse blei laga til bruk i Norge.

Bruksområda
Samla sett kan den omfattande forekomsten av brevmerke grupperast i ulike kategoriar etter formål og bruksområde. Dei som:

  • Reklamerer for arrangement eller utstillingar. F.eks. byjubileum eller landsleirar.
  • Er veldedige. Mange kjem til jul, andre heile året. Inntekta går til eit godt formål.
  • Målber kampanjar. F.eks. offentlege haldningskampanjar innan folkehelse.
  • Er politiske og agiterande. F.eks. målsak eller fråhaldssak.
  • Reklamerer for eige firma eller verksemd. F.eks. forsikringsselskap eller turisthotell.
  • Er laga for samling. Lengre underhaldande eller informerande seriar laga utelukkande for samling. Reklamerer samstundes for eit produkt i teksten.


I slekt med frimerket og seglet
Brevmerket spring ut frå frimerket og seglet. Frimerket er eigentleg ei slags påklistra kvittering for å visa at avsendaren har betalt det det kostar å senda brevet med posten. brevmerke_nei_til_krigsleker

Brevmerket har ingen postal funksjon, men hermar etter frimerket i format og plassering. Frå første stund hadde dei private brevmerka langt fleire fargar og større variasjon i bildemotiv enn dei offisielle frimerka, som fram til 1910-åra kun hadde talverdien, riksvåpenet eller regentportrettet som motiv. Norge gav ut sitt første frimerke med bildemotiv til grunnlovsjubileet i 1914. Etter dette tok frimerka opp i seg meir av den bilderikdomen brevmerka brukte ha.

Den andre slektningen til brevmerket, seglet, blei brukt på baksida av konvolutten for å lukka brevet. Det fanst eigne reglar for kor på konvolutten brevmerket kunne stå, slik at det ikkje kom i konflikt med frimerket. Ei tid skulle det dekka klaffen bak på brevet, nettopp slik som seglet. Seinare fekk det stå ved sida av frimerket. Mange plasserer det nede til venstre på framsida. Då blir det ikkje overstempla, det står der aleine og plakateffekten blir forsterka.

I dag
Nokre av dei veldedige organisasjonane har halde på julemerketradisjonen heilt fram til i dag. Brevmerka i lange seriar laga for samling forsvann under første verdskrigen og kom ikkje tilbake. Dei aktualitetsorienterte brevmerka knytt til hendingar er det langt færre av i dag, men dei har aldri vore heilt borte.

Kjelder

Chamboissier, L.: «Les vignettes adhésives», Paris 1910
Ljødal, Vemund: Samtale 26. oktober 2011
Ljødal, Vemund: «Norske brevmerker. Julemerker», privat utgitt katalog, Vollen 1996
Ljødal, Vemund: «Norske brevmerker. Merkater i Norge», privat utgitt katalog, Vollen 2000
Ljødal, Vemund: «Norske brevmerker. Brevmerker 1897–2001», privat utgitt katalog, Vollen 2002
Pieske, Christa: «Das ABC des Luxuspapiers», Berlin 1983
Steele, H. Thomas: «Lick’em, stick’em. The lost art of poster stamps», New York 1989
Økland, Einar: «Brevmerke på norsk post», Oslo 1988
Økland, Einar: «Brevmerke – jul heile året», «NJF-nytt», 1/2008
Økland, Einar: Intervju 5. september og 24. oktober 2011

TIDSLINJE: BREVMERKA SI HISTORIE

Gå til fullskjermversjonen