Brevmerke
Brevmerket med sine taggete kantar liknar mykje på frimerket i storleik og utforming, men har ingen postal verdi. Det er laga på privat initiativ for å skapa merksemd om utgivaren, og har ein reklamerande, informerande og somme tider veldedig funksjon. Det vesle dekorative merket hadde si glanstid i åra før første verdskrigen.
– Julemerka er mest kjende fordi dei har halde på lengst med same utgivar. Det vanlege var at brevmerka var knytt til ei aktuell hending, og ikkje var i omløp så lenge. Det kom heile tida nye til, seier Einar Økland.
På 1890-talet blei brevmerka svært populære, og blei tatt i bruk av ei lang rekke organisasjonar og firma. Det vesle dekorative merket hadde si glanstid i åra før første verdskrigen.
Det er gitt ut rundt 15.000 ulike brevmerke i Norge i perioden 1897–2001. Samlinga som blir vist her, konsentrerer seg om dei tidlege merka.