Hopp til hovedinnhold

Intervju med Økland om brevmerke

Julemerka blei gitt ut år etter år av Røde Kors og Sanitetskvinnene, og er derfor kjende av mange. Men dei fleste brevmerka var knytte til ei aktuell hending og var berre i omløp ei kort stund.

– Kvifor byrja du å samla på brevmerke?

– Dette er eit stort område innan illustrasjonskunsten, og eg syntest ikkje eg visste nok brevmerke_philipslamperom det. Eg har brukt mange år på å skaffa meg litteratur om emnet. Sidan det ikkje er nokon plass du kan sjå brevmerka, må du eiga dei for å studera dei. Eg var også nysgjerrig fordi brevmerka er ein del av norsk populærkultur og barnekultur.

– Kva gjer dei interessante?

– Eg ser på brevmerka som ein del av vanlege folks bildeinteresse. Dei blei utgitt i ein periode då folk flest ikkje hadde tilgang til slik kunst som heng i galleri og heime hos velståande privatpersonar. Illustrasjonane på desse trykksakene har dei likevel sett. Nokre har vore gode og andre har vore dårlege reint kunstnarleg, men dette er det dei har hatt tilgjengeleg.

– Brevmerka er også interessante sosialhistorisk sett. Dei reklamerer ikkje berre for firma eller varer, men også for politiske haldningar. Det er f.eks. interessant å sjå korleis dei uttrykker propaganda.

– Korleis er kvaliteten på brevmerka?

– Den er veldig varierande. Trykketeknisk er dei ikkje så imponerande. Det er brukt få fargar og av og til for grovt raster, men eg er opptatt av illustrasjonar uavhengig av brevmerke_normalpostkvalitet.

– Kven illustrerte dei?

– Somme utgivarar kopierte berre logoen sin, men stundom fekk kjende avis-, plakat- og reklameteiknarar også i oppdrag å laga brevmerke. Dei fleste brevmerka er usignerte eller signaturen er så liten at den ikkje kan lesast, men ein del teiknarar kan eg kjenna igjen på stilen.

– Kunstnarleg er det vanskeleg å framheva nokon, nettopp fordi storparten er anonyme, men Lisbeth Bergh sine merke for Freia er i særklasse. Innimellom er det også einskilde fine merke frå bokillustratørar og teiknarar, f.eks. Øyvind Sørensen og Ivar Mauritz-Hansen. Typisk for sjangeren er likevel at få meistra eit så lite format.

– Er nokon utgivarar meir kjende enn andre?

brevmerke_kiellands_lakris– Dei som har har halde på lengst, blir lagt merke til, og det gjeld særleg utgivarane av julemerka. Mange kjenner f.eks. Røde Kors eller Sanitetskvinnene sine julemerke. Men det vanlegaste var at brevmerka var knytt til ei aktuell hending eller ein aksjon, og deretter forsvann. Dei var ikkje i omløp så lenge, og det kom heile tida nye til.

– Vareprodusentar og private næringsdrivande utgjer ei stor gruppe av dei som gav ut brevmerke. Arnardo gav f.eks. ut eit då han hadde jubileum – det var kanskje hans einaste. Andre, som Kiellands Lakris, gav ut ein serie på over hundre.

– Kva var grunnen til at dette slo så godt an?

– I dei to første tiåra på 1900-talet blei dette populært fordi publikum den gongen var bildehungrige, og utgivarane kom med spennande bilde som var gratis. For utgivarane var dét at dei fann ledig plass til reklame, grunn god nok til å gi ut bokmerke. 

– At interessa på dette feltet likevel avtok, var truleg fordi at mange av utgivarane ikkje såg at det lønte seg å gi ut brevmerke. Dei som har halde fram med å gi ut nye merke, er stort sett veldedige institusjonar.

– Var det mange som samla på brevmerke den gongen?

– Ungane syntest dei var fine sjølv om dei var verdilause. I byrjinga fekk du berre tak i dei når dei 

brevmerk_stem_neivar brukt på brev, elles måtte du kjenna nokon på utgivarsida. Men kva barn hadde vel kontakt med folk som fekk mykje post? Truleg var det mest i byane. 

– Det var først etter ei tid, då merka byrja koma ut i rekke, at samleriet tok til. Utgivarane hadde ikkje post nok til alle brevmerka dei ville ha ut, og derfor utnytta dei samlargleda hos folk ved å gi ut lange seriar som dei selde over disk. I ein periode var samlebrevmerka for sal i pakkar på fem og ti i tobakksforretningar. Det blei stundom laga eigne album for ein del av brevmerka, og dette tyder på at samleriet hadde eit visst omfang. 

– Etter første verdskrigen var det slutt. Slutt vel å merka som noko mange barn engasjerte seg i. Femti år seinare tok det seg opp igjen, men då som eit samlefelt for relativt få og spesialinteresserte vaksne.