Brevmerke som samleobjekt

Det er gitt ut ei stor og ukjend mengd brevmerke i Norge, og samlarane er mange.

Det finst mykje kunnskap blant samlarane om dei felta som nettopp deira samling tar utgangspunkt i, for eksempel lokalhistorie, utgivar eller motiv. Mange av dei som er interesserte i julemerke er med i Norsk Julemerkesamlerforening, som gir ut medlemsbladet «NJF-nytt».

Vemund Ljødal har gjort eit stort arbeid med å katalogisera norske brevmerke, og han reknar med at det er gitt ut rundt 15.000 ulike brevmerke i perioden 1897–2001. Samlinga som blir vist her, konsentrerer seg om dei tidlege merka.

Glimt frå samlinga

 

DET FØRSTE KJENTE NORSKE

«Dette brevmerket frå 1897 er det første kjente norske. Men ein fransk katalog frå 1910 fortel om to merke utgitt i Tromsø i 1896 og 1897 i høve André si ballongferd. Desse har eg aldri sett.» Einar Økland

Brevmerke, Landbruks-, industri- og turist-udstilling

 

ORGANISASJONAR

«Brevmerka blei så populære at organisasjonar, jubileum og ulike arrangement trong ikkje rare påskotet til å laga seg eit.» Einar Økland
Brevmerke frå organisasjonar

REKLAME

«Sidan byrjinga av 1900-talet er det blitt laga ei mengd ulike brevmerke med reklame for kommersielle firma. Dei fungerte som ein miniplakat, og blei brukte både på fakturaer og vanleg brevpost.» Einar Økland

Brevmerke: Reklame

POLITISKE OG AGITERANDE

«Reint sosialhistorisk synest eg brevmerke med ein politisk bodskap er spesielt interessante. Der finn ein blant anna grønnlandssak, målsak og fråhaldssak. Nazistane laga nazistiske merke, mens patriotiske nordmenn i eksil laga merke til støtte for si sak. Desse brevmerka fortel noko om korleis nordmenn uttrykker seg ved konflikt.» Einar Økland

Brevmerke: Politiske og agiterande

JULEMERKE

«Julemerka skil seg ut fordi dei har ei lang samanhengande historie. Sidan starten i 1906 har dei vore eit årvisst fenomen i førjulstida. Dei blir selde av veldedige organisasjonar til inntekt for ei god sak.» Einar Økland

Brevmerke: Jul

STØTTE TIL EI SAK

«Desse er ein avleggjar av julemerka ved at dei blir selde til inntekt for ei sak, og ikkje gitt bort. Dei knyter seg ikkje til jula, men til ein aktuell kampanje. Støttemerka kombinerer ofte saksinformasjon med pengeinnsamling, mens julemerka gjerne har ei meir dekorativ utforming.» Einar Økland
Brevmerke: Støtte

TURISME

«For å visa seg som attraktive reisemål, er det mange byar, kommunar og fylke som har gitt ut eigne brevmerke med lokale motiv.» Einar Økland
Brevmerke: Turisme

BERGENSIANA

«Eldre brevmerke med lokal tilknyting har fått ny og stor interesse mellom dei mange som er engasjerte i lokal historie. Her er eksempel på brevmerke med motiv knytt til Bergen.» Einar Økland

Brevmerke: Bergensiana