Hopp til hovedinnhold

Ekslibris som samleobjekt

Det er to måtar ein kan samla ekslibris på – enten sjølve boka som ekslibriset er limt inn i eller dei mange lause som er i omløp. Om lag 9.000 ulike norske ekslibris er registrert.

Samlaren, reklamemannen og formannen i Norsk Exlibris Selskap, Thor Bjørn Schyberg, har gjort ein stor jobb med å registrera ekslibris. I 1974 gav han ut ein katalog over alle ekslibrisa til norske eigarar som han kjende til, 8.650 i talet. To år etterpå gav han ut eit supplerande register på rundt 300, slik at totalen blei nær 9.000 norske ekslibris. Samlinga til Einar Økland utgjer rundt 500, og er hovudsakleg frå perioden 1900–50. Fleire av desse er ikkje med i Schybergs oversikt.

Den aktive ekslibrisforeininga hadde mange kontaktar i reklame- og trykkeribransjen, og fekk tak i ekslibris som ikkje var limte inn. Dei bytte lause ekslibris seg i mellom og bygde seg opp store samlingar.

Då ekslibrissamlarane var på sitt mest aktive, blei det skrive svært mykje om emnet i mindre spesialutgitte skrifter og interne tidsskrift, blant anna eit felles nordisk. Mykje av denne litteraturen gjer greie for detaljerte sider ved ekslibrisa, og set opp strenge sjangerkrav. I dag er det truleg ikkje mange som samlar på ekslibris.

Glimt frå samlinga

 

KONKRET TOLKING AV NAMNET

Ekslibris: Konkret navn

«Etternamn som innheld landskapsformer har ofte innbydd til ei konkretistisk avbilding av namnet til bokeigaren, for eksempel Berg, Vik, Foss eller Dal. Ekslibriskunstnarane utnytta ofte dette når dei skulle visualisera eigaren.» Einar Økland

HERALDISKE

Exlibris: Heraldiske

«Dei tidlegaste bokeigarmerka tilhøyrde kongelege og adelege personar i mellomalderen. Påfallande mange frå nyare tid har ønskt å la slektsnamnet få ein heraldisk presentasjon på bokeigarmerket, sjølv om dei ikkje var adelege. Slik har det oppstått ei mengd sjølvlaga fantasifulle segl og våpenskjold som ein berre finn att på ekslibrisa deira.» Einar Økland

YRKE

Ekslibris: Yrkesinteresser
«Somme ville gjerne at bokeigarmerket skulle spegla yrkesfaget deira. Kanskje særleg dersom yrke og hobby var samanfallande, slik som hos kunstnarar og skribentar. Sjølve yrka blei ofte framstilte symbolsk, for eksempel med fjærpenn, sverd, hammar eller palett.» Einar Økland.
 

FRITIDSINTERESSER

Ekslibris: Fritidsinteresser

«Fritidsinteressene til bokeigaren blei ofte nokså konkret framstilte. Ein ser for eksempel piperøyk, vakre kvinner, bøker og fiskeutstyr.» Einar Økland

HØGE HUGMÅL

Ekslibris: Høge hugmål
«Bøker, boklesing og boksamling har til alle tider vore sterkt knytt til tankar om opplysing og sjølvutvikling. Altså som noko godt og ønskeleg. Som ei forlenging av dette har mange bokeigarar ønskt å framstilla seg sjølv som søkande, leitande, kjempande. Dei har då ofte forsynt ekslibriset sitt med eit kort motto eller eit allegorisk bilde som viser dei høge hugmåla deira. Einar Økland

BERGENSIANA

Geografi er ein måte å organisera ekslibrisa på. Desse er knytt til Bergen.

Ekslibris: Bergensiana