Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.
Den gongen bøker hadde høgare verdi og var vanskelegare å få tak i enn i dag, var det viktig å markera eigarskap til dei. Ein dekorativ måte å gjera dette på, var å skaffa seg eit ekslibris, som er ein illustrert etikett med namnet til eigaren på. Denne blei limt inn framme i boka.

– Ekslibrisa skulle ta seg godt ut, og fortelja noko om eigarens personlegdom. Dei demonstrerer altså det idealiserte sjølvbildet til bokeigarane, seier Einar Økland.

Ekslibriset har ei mange hundre år gamal historie, men etablerte seg i Norge først ved overgangen til 1900-talet. Interessa for ekslibris blomstra kraftig under andre verdskrigen.

Ekslibrisa er vanlegvis pryda med eit våpenskjold eller ein illustrasjon, men har av og til berre påtrykt namnet til bokeigaren, forutan standardteksten «ex libris». Om lag 9.000 ulike er registrert i Norge. Heile 6.500 av dei blei laga under andre verdskrigen.


Video: Ekslibris

I denne videokarusellen fortel Einar Økland om variasjonen innanfor den norske bokeigarmerketradisjonen.
Med bla. merkene til Olav Rusti, Egil Storstein og Bolette C. Pavels Larsen.