Hopp til hovedinnhold

Historisk tilbakeblikk

Så lenge boka har eksistert, reknar ein med det har vore behov for å markera eigarskap til den – sjeldan og verdifull som boka har vore heilt fram til våre dagar. Ein dekorativ måte å gjera dette på, var å skaffa seg eit ekslibris.

Sjølve uttrykket «ex libris N.N.» er latin og betyr «frå bøkene til N.N.». Det oppstod i Frankrike på 1600-talet, og inkluderer alle måtar å merka eigarskapen på. Eit bokeigarmerke kan vera både handteikna, stempla eller prega, men slike held me utanfor her. Me konsentrerer oss om den trykte – altså mekanisk mangfoldiggjorte – etiketten av papir som blir klistra inn framme i boka, enten på permen eller forsatsen. Likevel kastar me først eit raskt blikk på bokeigarmerkets tidlege historie.

Før trykkekunsten
I mellomalderen, då bøkene framleis var handskrivne, var bokeigarmerket ofte ein del av sjølve bokproduksjonen. Monogrammet eller våpenskjoldet til eigaren – altså den som okland_exlibris_hjalmar_bergsjoskulle ha avskrifta – blei malt direkte i boka som ein del av dekoren. Også portrettet av eigaren kunne bli brukt.

Lenge var det berre munkar, kongar og stormenn som hadde høve til å byggja opp eit bibliotek. Men med oppfinninga av trykkekunsten i 1455, starta ei demokratisering av boka, og det blei etter kvart mogeleg for vanlege borgarar å skaffa seg eigne boksamlingar.

Når bøkene kunne produserast i større opplag, blei dei ikkje lenger laga for éin tiltenkt eigar, og bokeigarmerket forsvann som ein integrert del av boka. I staden blei det besørga seinare av den som skaffa seg boka, enten teikna for hand inne i boka eller stempla i lærbandet, såkalla superekslibris.

Kjende i Tyskland frå 1480
Dei første trykte ekslibrisa me kjenner til, blei laga i Tyskland rundt 1480, og var enkle tresnitt. Å bruka ein trykt etikett som bokeigarmerke fekk eit oppsving utover 1500-talet, ikkje minst fordi den kjende tyske kunstnaren Albrecht Dürer byrja laga slike.

Ekslibriset tok opp i seg dei stilideala som dominerte, og utvikla seg iexlibris_thor_bjørn_schyberg takt med kunstsmaken elles. I byrjinga var tresnitt den vanlegaste trykkemetoden, men mot slutten av 1500-talet tok koparstikket over.

Skikken med å bruka ekslibris breidde om seg til andre industrielle land i løpet av dei neste hundreåra. I Norge er dei kjende frå midt på 1600-talet, i USA rundt 1700.

I Europa var ekslibriset ein mykje nytta trykksak fram til byrjinga av 1800-talet, men så gjekk interessa ned. I staden byrja folk merka bøkene med gummistempel eller namnetrekket sitt. Unnataket var England, der ekslibristradisjonen heldt seg gjennom 1800-talet.

På slutten av hundreåret vaks det fram ei ny interesse for ekslibris. No gjorde nye reproduksjonsteknikkar dei billege å trykka, og dei blei igjen tatt i bruk, også på kontinentet.

Etablerte seg i Norge rundt 1900
Sjølv om me kjenner eit par norske ekslibris frå 1600-talet, etablerte ikkje skikken seg så tidleg her i landet. Frå 1700-talet og byrjinga av 1800-talet kjenner me berre nokon få, og midt på 1800-talet var dei nesten borte. Først ved overgangen til 1900-talet blei ekslibriset gjenoppdaga gjennom kunstnarane Gerhard Munthe og Thoralf Holmboe.

Trass oppblomstringa tidleg på 1900-talet, var produksjonen av nye ekslibris liten i Norge fram til andre verdskrigen. I dei 200 åra før 1940, kjenner me berre til om lag 750 ulike. Til samanlikning er det registrert over 42.000 i England før 1900.

Stiltrekk
Dei første hundreåra av ekslibrisets historie, dominerte eigarens våpenskjold somexlibris_odd_ellingsen motiv. Samtidas kunstsmak viste seg gjennom måten skjoldet blei presentert på, f.eks. gjennom bruken av ornamentikk og rammer.

Seinare dukka det opp andre motiv, blant anna bibliotekinteriøret. Sjølv om våpenskjoldet framleis blei brukt, blei det etter kvart vanlegare med andre illustrasjonar. Eit fellestrekk var at dei prøvde fortelja noko om eigarens person i motivvalet.

På slutten av 1800-talet utvikla det seg ein trend der ekslibriset gjekk frå å ha ein funksjonell verdi til å få sjølvstendig kunstnarisk verdi. Det blei no eit attraktivt objekt for samling.

Oppblomstring under krigen
I nyare tid er historia til dei norske ekslibrisa tett knytt til nettopp samlarane, som ikkje berre samla på utgitte ekslibris, men også dreiv propaganda for å auka tilfanget av nye.

Under andre verdskrigen blomstra interessa for ekslibris kraftig opp, og ei gruppe samlarar som kalla seg «exlibristene», dreiv møteverksemd, bytte ekslibris og arbeidde for at alle bokeigarar skulle skaffa seg sitt eige. Stadig nye kom ut, og til saman blei det laga rundt 6.500 ulike ekslibris i denne femårsperioden. I 1945 stifta samlarane foreininga «Norsk Exlibris Selskap», men etter krigen minka interessa for ekslibris, og i 1960 la foreininga verksemda ned.

Kjelder

Arnesen, Arne: «Norske ex-libris. I. Ældre merker», i «Norsk bokkunst I», Oslo 1918
Arnesen, Arne: «Norske ex-libris. I. Ældre merker», i «Norsk bokkunst II», Oslo 1930
Arnesen, Arne: «Norske ex-libris», i «Norsk boktrykkalender», Oslo 1939
Berghman, Arvid: «Exlibris. Några ord om bruket av bokägarmärken», Stockholm 1936
Berghman, Arvid: «Exlibris. En bok om bokägarmärken», Malmø 1957
Gade, Gerhard: «Norwegian Ex libris», Boston 1917
Hognestad, Karin-Helene R.: «Det trykte ord. Bokens historie i Norge», i «Til opplysning», 3/2000
Høgdahl, Hugo: «Norske ex libris og andre bokeiermerker», Oslo 1946
Rickards, Maurice: «The Encyclopedia of Ephemera», London 2000
Schyberg, Thor Bjørn: «Norske exlibris», katalog utgitt som manus i 100 eks, Fredrikshavn 1974
Schyberg, Thor Bjørn: «Norske exlibris. Supplement 1976», supplement til katalogen fra 1974, priv. utg. Oslo 1977
Wang, Otto: «Norske Ex Libris», København 1942
Wang, Otto: «Om Ex-libris ude og hjemme», Holsterbro 1913
Yran, Knut: «Ex Libris. En orientering om bokeiermerker», Oslo 1946
Økland, Einar: «Bokeigarminne», i Morgenbladet
Økland, Einar: Intervju 18. oktober og 5. november 2011