Hopp til hovedinnhold

Intervju med Økland om ekslibris

Ekslibrisa tilhøyrer skinnryggens tid, meiner Einar Økland. Både bokhylla og boka skulle vera ein pryd for eigaren.

– Kvifor samlar du på ekslibris?

– Eg har interessert meg for dei fordi eg syntest eg burde vita kva som har gått føre seg på dette feltet. No når eg er orientert, skaffar eg meg ikkje fleire. Eg er mest interessert i ekslibris som er laga av kunstnarar – det er spennande å sjå kva dei har gjort ved sida av å laga gallerikunst.

– Kva fortel dei? exlibris_paul_lorck_eidem_cropped

– Ekslibrisa byggjer på ei førestelling om at du skal ha ditt eige bibliotek. I tillegg fortel dei noko om at bøker er viktige og eigaren er ein viktig person. Det er ein form for individualisme som kanskje er litt overdriven.

– Sosialhistorisk sett var det eit visst snobberi rundt bøker og litteratur. Ekslibrisa skulle ta seg godt ut, og markera eigarforholdet på ein måte som var boka verdig. Dei skulle fortelja noko om eigarens personlegdom, og motivet viste ofte interessene eller livsmottoet hans. Ekslibrisa demonstrerer altså det idealiserte sjølvbildet til bokeigarane. Eigenreklame, kan ein kalla det. Det er difor ikkje unaturleg at det er reklamefolk som fekk i oppdrag å teikna ekslibris, som meir eller mindre er ein slags reklame for bokeigaren, f.eks. at han er ein seriøs person.

– Men på eitt vis er ekslibriset annleis enn reklamen: Det er diskret tilbaketrekt. Det står i hylla og kjem berre fram når boka kjem fram. Det er for ein indre krins, for eigaren og hans vener.

– Kva tendensar ser du?

– Dette var skinnryggens tid. Folk skulle ha pryd i bokhylla og pryd inni boka. Hovudtendensen er at ein skal ha noko dekorativt og vakkert. Ekslibrisa er høgtidelege, ikkje minst dei med våpenskjold. Det er berre nokre få som slår seg på komikk. exlibris_astri_hoel_bryn_cropped

– Ein finn ofte ekslibris i mindre gode bøker. Det ser ikkje ut til å ha vore så strenge krav til det litterære innhaldet.

– Er ikkje ekslibrisa det motsette av folkekunst?

– Jo, dette er ein slags kunstgrafikk. Dei er laga i små opplag av grafisk orienterte kunstnarar som var gode til å teikna.

– Korleis var kvaliteten?

– Dette er fine trykksaker, grafisk sett. Trykket og papirkvaliteten er som regel framifrå. Det er spennande å sjå på stiluttrykka, som varierer svært mykje.

– I forhold til bildekunsten elles, var dette frislepp. Ekslibriskunstnarane tillèt seg mykje som ikkje går når du lagar kunst for utstilling, f.eks. når det gjeld å integrera skrift i eit bilde.

– Kven laga ekslibris?

– Det var helst reklameteiknarar, men det fanst vanlege folk som teikna sine eigne. Favoritten min blant storprodusentane er Henry Schjerven. Hans ekslibris er alltid veldig elegante, grasiøse og vakre, og aldri venstrehandsteikna.
Albert Jærn_cropped
– Albert Jærn var ein annan sentral person, og den første habile storleverandøren. Han har teikna for mange kjende bokeigarar, og det seier litt om kor ettertrakta han var den gongen. Jærn byrja i 20-åra, og har blant anna laga mange bokomslag. Han er underkjend som kunstnar. Mest typisk for han er at han ikkje har ein personleg stil, men varierer og tilpassar seg. Kanskje er han miskjend fordi folk har sett så mykje til hans verk.

– Knut Yran har også laga mange ekslibris. Frøydis Haavardsholm har sin eigen stil. Ho er interessant same kva ho gjer, og er aldri dårleg.

– Ekslibrisa er ikkje alltid registrert av dei som skriv biografiar om norske kunstnarar. Me kan ikkje utelukka at f.eks. Edvard Munch eller Rolf Nesch har laga nokon. Den som eventuelt finn slike, vil bli begeistra.