Hopp til hovedinnhold

Historisk tilbakeblikk

Skulle du ønskja nokon til lykke med ein stor dag, kunne du tidlegare gå til telegrafen og senda eit festtelegram. Tydelegare kunne det knapt gjerast i første del av førre århundre om du ville visa at du verdsette dei.

Eit festtelegram er ein illustrert blankettype som blei brukt til å senda telegram gjennom det statlege norske telegrafvesenet. Private gratulasjonsbyrå og kortevareforretningar selde også illustrerte telegramliknande blankettar som kunne overleverast personleg, sendast med posten eller med bud. Slike private telegram var ein stor industri, men fell utanfor denne framstillinga.

Telegrafen opna i 1855
Festtelegram, Fiskum kirkeDen elektriske telegrafen blei oppfunnen av amerikanaren Samuel F. B. Morse, og verdas første telegraflinje blei oppretta mellom Baltimore og Washington DC i 1844. I Norge oppretta staten eit offentleg telegrafvesen i 1854, og den første linja – som gjekk mellom Christiania og Drammen – blei opna 1. januar 1855.

Tenesta blei raskt populær, og fram til 1980 blei det sendt 87 millionar festtelegram. 1947 blei eit toppår, med nesten 3,7 millionar sende festtelegram.
Det første telegrammet hadde rett nok blitt sendt allereie i desember 1853 mellom Strømmen og Christiania under arbeidet med landets første jernbane. Jernbanen brukte telegram for å halda orden på møtande tog, sidan trafikken gjekk på enkeltspor. I mars 1854 opna jernbanen for å formidla private telegram. Etter kvart blei jernbanens telegraflinjer kopla saman med Rikstelegrafen sine, og i 1867 blei takstane justerte slik at dei blei like.

Telegrafvesenet byrja raskt å byggja ut leidningsnettet. Eit halvt år etter opninga i 1855 fekk Norge linje til Sverige, og derfrå kunne ein nå Danmark og delar av kontinentet. I 1866 opna sjøkabelen mellom Europa og Amerika. I 1870 nådde telegrafnettet Vardø, og landet var dekka frå sør til nord. Då linjenettet var ferdig utbygd, var Norge det landet i Europa som hadde lengst telegraflinje pr. innbyggjar.

Festtelegrammet kom i 1907
festtelegram_egil_weiglin_croppetTelegraftenesta var naturleg nok eit stort framsteg for å kunna senda meldingar raskt over lange avstandar. Dei ordinære telegramma blei nytta av både private og forretningsfolk. I 1907 – nær 50 år etter oppstarten – blei festtelegrammet lansert.

Festtelegrammet var ein stor, illustrert blankett i fargar til bruk ved høgtider og merkedagar. Det offisielle namnet var Luksusblankett (merka Lx), og i 1907 kosta den 25 øre ekstra å senda. Tenesta blei raskt populær, og fram til 1980 blei det sendt 87 millionar festtelegram. 1947 blei eit toppår, med nesten 3,7 millionar sende festtelegram. 

Telegrafstasjonane selde også luksusblankettar over disk som folk kunne overrekka personleg eller senda i posten. Norges Statsbaner nytta dei same luksusblankettane, men med sin eigen logo.

Forseggjorte motiv
Då luksustelegrammet blei lansert, var det med fire ulike motiv i jugendstil. Først fire år seinare, i 1911, kom neste serie – denne gongen med seks nye motiv. Så gjekk det tretten år til neste gong, i 1924. Då kom ein serie med sju art deco-motiv og eitt med telegrafens kjente symbol med riksvåpen og lyn.

Dei neste åra kom det nye motiv med ujamne mellomrom. Mange eldre motiv blei produserte også etter at nye kom på marknaden. Telegrafstasjonane kunne dessutan ha blankettar på lager som dei selde også etter at eit motiv var gått ut av produksjon.

Blei lagt ned i 1980
Det var dyrt å senda telegram, og minsteprisen inkluderte ti ord. Sidan festtelegram_konfirmasjon_croppetsendaren måtte betala ekstra for kvart ord over ti, brukte han ofte eit effektivt, økonomisk språk. På den andre sida: I iveren etter å spara pengar, blei folk så kreative at dei stadig laga nye – og uleksikalske – ordsamanstillingar for å få ned talet på ord. Telegrafvesenet strevde med å handtera denne inntektsreduserande utglidinga, og vedtok bl.a. at ord som hadde meir enn 15 bokstavar, skulle telja som to ord.

Frå 1929 fekk Nasjonalforeningen for Folkehelsen og Norske Kvinners Sanitetsforening einerett til å velja ut motiv til blankettane, og dei to foreiningane og Telegrafverket delte inntektene. Utetter 1960-talet dalte populariteten til festtelegrammet kraftig, og i 1980 blei tenesta lagt ned. Eit forsøk på å pusta liv i festtelegrammet i 1993, lyktest ikkje.

Kjelder

Godheim, Trygve: «Telegramkatalog». Upublisert hefte med oversikt over 60 ulike festtelegram basert på eiga samling, Heggedal 2007
Rafto, Thorolf: «Telegrafverkets historie 1855-1955», Bergen 1955
Qvigstad, Just N.: Privat nettside med samling og informasjon om norske telegram, inkludert festtelegram
«Telehistoriske glimt. Telekommunikasjon før og nå», Norsk Telemuseum 2006, www.telemuseum.no
Økland, Einar: Intervju 7. august og 27. november 2010