Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Festtelegram

Skulle du ønskja nokon til lykke med bryllaupet, konfirmasjonen eller ein åremålsdag, kunne du tidlegare gå til telegrafen og senda eit festtelegram. Tydelegare kunne det knapt gjerast om du ville visa at du verdsette dei.

– Desse illustrerte blankettane inngjekk i uttrykksrepertoaret til folk. Men etter kvart som folk kunne nå kvarandre på telefon, blei festtelegramma berre brukte for å visa ein eigen type merksemd, seier Einar Økland.

I 1907, nær 50 år etter at telegraftenesta starta i Norge, blei det såkalla luksustelegrammet lansert. Det var illustrert og dyrare å senda enn dei ordinære.

I starten hyra telegrafvesenet inn kjende kunstnarar til å illustrera festtelegramma. Seinare lyste dei også ut konkurransar om beste motiv.