Hopp til hovedinnhold

Intervju med Økland om festtelegram

For Einar Økland er illustrasjonane det vesentlege ved festtelegramma. – Dette er bruksgrafikk, seier han.

– Korleis gjekk det til at du byrja å samla på festtelegram?

festtelegram_julenatt_croppet– Eg overtok nokre etter mor mi, og visste ingenting om festtelegram då eg byrja å sortera dei på 70-talet. I oppveksten min var dét å senda telegram ein levande tradisjon, men eg hadde aldri sett ei oversikt over luksusblankettane. Eg byrja samla for å bli kjend med dei, og har funne ut det meste sjølv.

– Kva fann du?

– For meg var bruken av illustrasjonar det vesentlege. Illustrasjonane blei trykte på dyre telegram, nytta til spesielle, høgtidelege høve. Dette var bruksgrafikk. Eg lurte lenge på om det låg skjulte skattar der, men festtelegramma er ikkje så interessante som dei kunne ha vore. Telegrafverket kunne f.eks. gitt ut nye telegram årleg. Nylaga telegram har vore få, og dei nye motiva har ofte vore dårlegare enn førre gong. Dei private telegramliknande blankettane har mykje større variasjon.

– Kva vil du seia om motiva?

– Dei første er prega av høgtid og norskdom. Her er folkekunst og norske landskap med lyng, måke og hav. Seinare varierer motiva meir, og me ser heiste flagg, dansande englevesen og blomar. Det er påfallande at me ikkje har julegrisar, mat eller sjampanje. Her er snarare lengt og store avstandar. Motiva er mest interessante sett i ein brukstradisjon. Kva likte folk? Kva blei sett på som passande? Her er ingen festtelegram med alkohol eller flørting. Det er ingenting som utløyser sterke emosjonar. Bortsett frå eitt som signaliserer overfløymande velstand, er dei verken frå seg av sorg eller av glede. Festtelegramma er som oftast prega av ro, sindigheit og respekt.

festtelegram_hester_med_karjol_croppet
– Korleis plasserer du desse trykksakene i ein større samanheng?

– Desse illustrerte blankettane inngjekk i uttrykksrepertoaret til folk. Men etter kvart som folk lett kunne nå kvarandre på telefon, blei festtelegramma berre brukte for å visa ein eigen type merksemd. Det kosta meir enn det smakte. Telegrafvesenet skjønte at dei måtte koma med nye motiv i ny og ne, men i etterkrigstida blei motiva dårlegare og mindre spennande. Telegrafen forsømte seg på utstyrssida. Luksusblankettane skilte seg ikkje mykje frå andre trykksaker, motiva blei etter kvart trivielle. Festtelegramma heldt verken tritt med teknologien eller festlegheita. Dei hadde betydning i eit halvt århundre, frå 1907 til byrjinga av 50-åra. Den einaste måten å oppretthalda interessa på, ville vore å laga fine trykksaker som du berre kunne få der, «på Telegrafen»

Den einaste måten å oppretthalda interessa på, ville vore å laga fine trykksaker som du berre kunne få der. 


– Kva plass hadde festtelegramma i livet til folk?

– Tradisjonen fortel oss at kjøpte og sende meldingar var meir seriøse enn handskrivne og postsende. Men både festtelegram og helsingar på tilsvarande blankettar som ikkje var sende gjennom telegrafen, var stas å få, og mange tok vare på dei. Nokon fekk dei bundne inn hos bokbindar, stundom også saman med festsongane og menyen frå hendinga ein hadde fått dei til. Det var truleg minna om festen og helsingane meir enn illustrasjonane ein ønskte å ta vare på.


– Teksten på telegramma, har du sett på den?

– Det går mykje i standardtekstar. Eller det motsette: Nokon brenn av iver etter å vera artige, dei var jo mynta på opplesing i eit festleg lag. Men dette er noko for folkelivsgranskarane.