Hopp til hovedinnhold

Festtelegram som samleobjekt

Festtelegramma kom ut i ein avgrensa periode på 73 år, og det blei laga rundt 60 ulike motiv før tenesta blei lagt ned i 1980.

Samlarane Just N. Qvigstad og Trygve Godheim har gjort ein stor jobb med å få oversikt over dei ulike festtelegramma som kom ut mellom 1907 og 1980.

Dei mest populære motiva blei trykte i nye opplag og gjekk inn i nye seriar med varierande detaljar, som linjering, telegrafsymbol, riksvåpen og namn på trykkeri. I tillegg finst dei same motiva utgitt av jernbaneverket, som har sitt eige symbol. Det finst difor fleire hundretals ulike festtelegram for den som jaktar på ei komplett samling av variantar. 

Telegramma blei ofte tatt vare på som personlege minne, og altså ikkje kasta. Ein heil del er komne i omløp på bruktmarknaden, og dermed mogelege å få tak i for den som leitar. Dei er ikkje noko sjeldant samleobjekt. 

Private gratulasjonsbyrå og kortevareforretningar selde også illustrerte telegramliknande blankettar som kunne overleverast personleg, sendast med posten eller med bud. Slike private «telegram» var ein stor industri, men fell utanfor denne samlinga.

Glimt frå samlinga

Thorolf Holmboe

Festtelegram: Thorolf Holmboe

«Thorolf Holmboe, ein av Norges største representantar for jugendstilen, fekk i oppdrag å laga dei første blankettane. Typisk for Holmboe er ein blandingsstil. Detaljane er ofte naturalistiske, men på ramma rundt ser ein jugendperiodens dekorative bruk av flatestil. Eit eksempel er svalene, som er relativt naturalistisk teikna, men likevel symmetriske i eit mønster. Einar Økland

Kunstnarkonkurransen i 1929

Festtelegram: Kunstnarkonkurransen i 1946

Då samarbeidet mellom Telegrafverket, Folkehelsen og Sanitetsforeningen starta i 1929, lyste dei ut ein konkurranse for å å få nye motiv til luksustelegrammet. Vinnarbildet blei «Gratulerer» av Yngve Anderson. Hans knelande unggut blei brukt på blankettane heilt fram til telegramtenesta blei lagt ned i 1980. Også Dagfin Werenskiold, Knut Knaus og Harald Damsleth sine bilde blei plukka ut i konkurransen. Desse fire motiva danna den nye blankettserien frå 1930.

Kunstnarkonkurransen i 1946

Festtelegram: Kunstnarkonkurransen i 1946

Etter krigen, i 1946, blei det igjen utlyst ein kunstnarkonkurranse. Den resulterte i tre nye motiv av Else Poulsson, Sophie Poulsson og Egil Weiglin. Desse blei utgitt i 1947.

Dei siste tiåra

Festtelegram: Dei siste tiåra

«Dei seine motiva er greie nok, men dei har dei ikkje noko konkurransefortrinn. Dei er safe og preglause – å gi ei eske konfekt er like spennande. I forhold til dei første «lyxiga» telegramma, er dette litt slapt. Reklameteiknarane var meir moderne enn kunstmalarane.» Einar Økland