Hopp til hovedinnhold

Glansbilde som samleobjekt

Svært mange har eit forhold til glansbilde, men historia til dei norskproduserte glansa er ikkje så kjend. Denne samlinga konsentrerer seg om nettopp dei norske.

Det er ikkje skrive noko utførleg om historia til dei norske glansbilda, langt mindre laga register over motiv, illustratørar eller utgivingsår. Dei som veit mest, er samlarar som har studert feltet over tid. Svært mange samlar på glans, men ofte ut frå andre interesser enn om dei er norskproduserte. Dei konsentrerer seg f.eks. om motiv eller epoke. 

Åse Enerstvedt er ei av dei få som har skrive noko om glans i Norge, men hennar tema er glans som har vore i bruk i Norge, og ho skil ikkje mellom dei som er importerte og dei som er teikna av norske illustratørar.

Glimt frå samlinga

 

KRISEGLANS

Glansbilde: Kriseglans

«Dei første norske glansbilda som blei laga under krigen, blei ikkje mottatt med begeistring, og dei fekk klengenamnet "kriseglans". Dei var uelegante og mangla lakk og friske fargar. Dette var naudproduksjon, noko ein laga utan at ein hadde skikkeleg utstyr.  Dei er likevel historisk interessante i dag.» Einar Økland

GLANS SOM BILDEFORTELJING

«Somme av dei norske glansa var nummererte eller hadde ei historie som ein måtte ha komplett. Elles prøvde ikkje barn å rekonstruera arka. Det er det vaksne samlarar som gjer.» Einar Økland
Glansbilde som bildeforteljing

HEILE ARK

«Somme ark er komponerte som ein heilskap, mens andre er meir tilfeldig samanstilte. Barn reiv glansbildearka frå kvarandre og bytte ofte bort nokre av dei. Heile ark rekonstruerer historia før barn klipte glansa frå kvarandre.» Einar Økland
Glansbilde: Heile ark

NORSKE ALBUM

«I 40-åra blei det laga eigne norskproduserte album, truleg for første gong. Dette tyder på at interessa for glans var blitt så stor at det var ein marknad for eigne album. Dette var ryggstifta hefte med kvite ark og illustrert forside, og dei var ikkje så prektige som dei innbundne fotoalbuma som tidlegare var brukt til innliming. Glansbildealbuma blei ein ting for barnerommet.» Einar Økland
Glansbilde: Norske album

MONTASJE I ALBUM

«Tendensen er at sjølve montasjen i albuma gradvis blei meir slurvete og tilfeldig etter som ein nærmar seg vår samtid. Bilda blei oftare limt inn skeivt, sidene var dårlegare komponerte, og hadde oftare limsøl enn før. Monteringa blei utført med mindre omtanke og omsorg enn den gong glansbilda var ein fin og dyrebar ting.  Albuma frå 1800-talet hadde eit høgare nivå og var så fine at dei blei tatt vare på frå generasjon til generasjon.» Einar Økland
Glansbilde: Montasje i album