Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Glansbilde

Då glansbilda kom på marknaden for dryge 150 år sidan, var fascinasjonen stor for dei blanke, fargerike bilda med det vakre og idylliske uttrykket. Folk var raske til å ta dei i bruk, både til samling og innliming i album. Glansbilda var også populære som dekor i heimen.

– Harald Damsleth er den i Norge som har teikna flest glansbilde. Eg har funne glans av han i nesten alle album eg har sett frå 1950- til 90-åra, seier Einar Økland.

Perioden 1880–1900 blir kalla glansbildets «gylne æra» på grunn av den høge trykkekvaliteten og den enorme breidda av motiv. I Norge blei det ikkje produsert glansbilde før andre verdskrigen førte til importstans av dei utanlandske.

Svært mange har eit forhold til glansbilde, men historia til dei norskproduserte glansa er ikkje så kjend. Denne samlinga konsentrerer seg om nettopp dei norske.


Video: Glansbilde

Videokarusell som t.d. viser glans av kjende norske teiknarar som Elise Knudsen og Harald Damsleth, samt glans med motiv henta frå norske folkeeventyr.