Hopp til hovedinnhold

Intervju med Økland om glansbilde

– Harald Damsleth er den i Norge som har teikna flest glansbilde. Eg har funne glans av han i nesten alle album eg har sett frå 1950- til 90-åra, seier Einar Økland.

– Kvifor interesserer du deg for glans?

– Eg interesserer meg for norskteikna glans og norskproduserte album ut frå ei historisk interesse for trykksaker. Men også fordi andre har forsømt det. Eg har søkt etter informasjon om norske glans utan å finna det – noko som førte til at eg byrja følgja med. Eg veit ikkje så mykje, men veldig mange veit mindre.

– Sjølv samla eg aldri på dei som barn, og kjende heller ingen som gjorde det, men eg visste at somme jenter hadde lause glans i konfektesker. Den første gongen eg støtte på dei i offentleg samanheng, var i 1981. Då sette «Aktuell kunst» opp ei glansbildeutstilling i Oslo.

– Korleis var motivvalet på norske glans?

glansbilder_dyreglans2_croppet– Norske glans etterlikna utanlandske som folk kjende frå før, og viste bl.a. englar, blomar, barn og eksotiske dyr. Men sjølv om motiva er tradisjonelle, er utføringa norsk. Spesielt for Norge er glansa med motiv henta frå norske eventyr. Nokre av desse har også tekst.

– Mange trur at glans berre er nusselege, men ser ein f.eks. på dei engelske frå slutten av 1800-talet, ser ein også eit politisk innslag – dei propaganderte for Storbritannia som imperiemakt. Andre engelske glans kunne vera korrekt naturvitskapleg gjengitte bilde. I Norge var ikkje glansa så belærande.

– Kva kan du lesa ut av albuma?

– Det er interessant i seg sjølv at det blei gitt ut norskproduserte album, det viser at det var ein marknad for glans og innliming. Når det gjeld bruken av glans i album, har publikum i England blanda lykkeønskingskort med glans i sin montasjestil sidan 1870-åra. I Norge er det glansbilder_engler_croppetinga blanding, her står glansa for seg.

– I glansbildealbuma står det ingen trykt tekst som inviterer til ordning eller gruppering, f.eks. tekst som «dyreglans» eller «engleglans».

– I Norge er det veldig vanleg å støyta på album som er påbyrja, men ikkje fulle. Det verkar som om det å samla på glans er noko barn har gjort i ein kort fase, som dei så har vakse fra.

– Tidleg i glansbildets historie, var glansa omhyggeleg ordna og monterte i albuma. Seinare blir innliminga meir og meir kjapp og unøyaktig. Det går nedover med monteringa og somme bilde kan f.eks. stå oppned.

– Kven teikna glans i Norge?

– Dei fleste teiknarane var anonyme, men ein del lar seg identifisera ut frå samanlikningar med andre trykksaker dei har laga. Under krigen teikna illustratørene Jan Lunde og Arne Hoel. Sistnemnde var ein av dei få som signerte, og ein kan finna «Arne» på nokre nokre av bilda hans. Mellom ca. 1943 og -46 lar Georg Schumann, som brukte kunstnarnamnet «George», seg identifisera. Han teikna fleire ark, mens Ivar Mauritz-Hansen laga eitt ark med sine eigne Nils og Blåmann-figurar. Det kom i 1946. Ein ukjend illustratør har teikna glans med Skipper’n, Fant og Knoll og Tott. Du ser på stilen at dei er norske. At Knoll og Tott er på hyttetur i den norske fjellheimen, stadfestar også dette.

glansbilder_utsnitt_croppet

– Harald Damsleth er truleg den i Norge som har laga flest, men også han teikna anonymt. Eg har funne Damsleth-glans i nesten alle album eg har sett frå perioden rundt 1950 til ut i 90-åra, så hans har vore svært utbreidd. Damsleth byrja teikna glans for Børrehaug & Remen nokre år etter krigen, og var tilknytt Børrehaug til tidleg i 60-åra. Han hadde ei veldig breidd i motiva. Då Remen døydde, dreiv Børrehaug vidare ei stund før han selde porteføljen til Saga. Saga gav ut både nye Damsleth-glans og ein del av dei han hadde laga tidlegare.

– Ein annan norsk teiknar var Elise Knudsen frå Stavanger. Ho var helsesøster, og først seinare blei det kjent at ho på fritida hadde teikna glans for Børrehaug på 50-talet. Ho teikna truleg seks ark, og desse viste blomar, småfuglar og norske jenter i leik. Stilen var realistisk.

– Er dei norske glansbilda attraktive som samleobjekt i dag?

– Glansbilda er ikkje lenger ein stor og viktig skatt for barn, slik dei var i første halvdel av førre hundreåret. Dei små bilda har tapt mykje av sin attraksjon for barn. Dei blir ikkje montert sirlig inn i bøker, sjølv om ein og annan truleg gjer det framleis. I staden blir dei glansbilda som ein gong var i omløp, samla ein gong til – men no av nostalgiske vaksne som er interesserte i sin eigen barndom, eller av vaksne som ser dei som sosialhistoriske vitnemål.

– Når folk har samla på glans, har dei ikkje vore klar over at norske glans var ein så avgrensa sektor. Mange har oversett dei og gjerne tenkt at «Nei, dei var ikkje så fine». Samlarane har ikkje skjønt kor spesielle dei er historisk. I dag byrjar det å koma fram.

– Vaksne samlarar i dag synest ofte det er gjevt å få tak i heile ark. Arka er historisk interessante fordi ein ser kva glansbilde som høyrde til i eit sett, og ein ser korleis dei var samanstilte då dei kom ut. For meg er det meir interessant å ha album, fordi dei fortel noko om bruken.