Hopp til hovedinnhold

Historisk tilbakeblikk

Då glansbilda kom på marknaden for dryge 150 år sidan, var fascinasjonen stor for dei blanke, fargerike bilda med det vakre og idylliske uttrykket. Folk var raske til å ta dei i bruk, både til samling og innliming i album. Glansbilda var også populære som dekor i heimen.

okland_glansbilde_riddende_heltTidleg på 1800-talet fanst det ark med småbilde som blei klipte ut til dekor, men dette var enkle, flate trykk i svart-kvitt med handkolorering. I løpet av nokre tiår utvikla dei seg til glansbilde slik me kjenner dei i dag – som fargerike bilde med glansa overflate og pregtrykk. Dei første glansbilda var ikkje utstansa, men blei selde i heile ark som ein sjølv måtte klippa frå kvarandre. I starten var dei firkanta, men etter kvart blei dei figurskorne og byrja koma i utstansa ark der bilda berre hang saman med smale papirstriper.

Den gylne æra
Frå 1860-åra førte ny teknologi til at ein kunne trykka fargelitografi raskare og billegare enn før, og produksjonen auka. Tyskland og England var tidleg ute med å trykka glans, men bilda spreidde seg raskt til heile den vestlege verda. Perioden 1880–1900 blir kalla glansbildets «gylne æra» på grunn av den høge trykkekvaliteten og den enorme breidda i motiv.

Iglansbilder_kriseglans_croppet starten blei glansbilda brukt som dekor, men det tok ikkje lang tid før dei også blei populære samleobjekt blant barn. Bruksområda var mange, og glansbilda blei limte på blant anna boksar, vasar, skjermar, lamper og små møblar for å pynta opp i heimen. Dei blei også brukte til å dekorera søtsaker, valentinskort og julepynt med, for å nemna noko. Attraktive som dei var, blei dei dessutan brukt pedagogisk, og gitt som belønning f.eks. når barna hadde gjort det godt på skulen.

Motiva spente som sagt svært vidt. Alt som var fint og attraktivt kunne bli avbilda, frå blomeranker via nissar til kvardagsnære gjenstandar. Rafaels englar og søte småbarn er klassikarar som framleis prydar glansbilde, men dagsaktuelle hendingar var også populære motiv i åra rundt hundreårsskiftet. Dronning Victorias 50-årsjubileum på trona i 1887, blei det mange glansbilde av. Det same gjaldt tekniske nyvinningar og kjende bygningar. Album frå så tidleg som 1830–40-åra dokumenterer ein lang tradisjon med innliming og montasje av glansbilde.

Norske kriseglans
I Norge blei utanlandske glansbilde importerte frå ca. 1870-åra og fram til 1940. Under andre verdskrigen blei det innført importrestriksjonar, og då byrja norske firma sjølv å produsera glans. Desse blei kalla «kriseglans» blant publikum fordi dei var matte, grovt teikna og ikkje så fargerike som dei glansbilda folk var blitt kjende med før krigen. Dei hadde ofte ein karakteristisk brunleg farge fordi det var vanskeleg å få tak i gode fargestoff.

glansbilder_glansbildealbum_croppetDei første norske glansa var ikkje figurskorne, men firkanta eller trekanta. Dei var delvis skorne opp, slik at dei lett kunne rivast frå kvarandre. Ein del glans lånte motiv frå norske folkeeventyr. Andre typiske motiv var dyr, bilar, båtar og ulike folkeslag – alle realistiske og mindre romantiske enn dei idylliske glansa som blei importerte før krigen.

Kvaliteten steig
Etter krigen steig kvaliteten. Fargane blei klarare og papiret betre. Vanlege motiv var kjende teikneseriefigurar, som Fantomet, Skipper’n og Knoll og Tott. I tillegg byrja det koma meir idylliske glans, med f.eks. sommarfuglar, barn og søte dyr. No blei også dei norske glansbilda figurskorne.

Historia om glansbilda er tett knytt til samleriet. Ei viktig side av det å samla var bytting av glans, og poengsystema for kor mykje dei var verde, var sinnrike. Det fanst eigne «puttebøker» med skjulte lommer, der vener putta inn sitt glans og fekk eit anna i retur. Å montera glansa inn i album var også populært. Fleire av dei kunstforlaga som stod for glansbildeproduksjonen her heime – blant andre Mittet og Børrehaug & Remen – byrja laga album til å ha dei i.

Tre hovudgrupper
Motiva på dei norske glansbilda kan delast inn i tre hovudgrupper:

  • Dei litterære. Viser til kjende norske eller utanlandske eventyr og forteljingar, og er ein slags litterære illustrasjonar. F.eks. eventyr eller populære forteljingar, som «Robinson Crusoe» og «Gullivers reiser».
  • Dei røyndomsfjerne. Er smånusselege og pene, og viser f.eks. blomar, englar og skjønne barn. Har utanlandske forbilde.
  • Dei realistiske. Er kunnskapsbaserte, saklege og informative. F.eks. norske båtar, ulike folkeslag eller framkomstmiddel.
 
Tok slutt
Det blei teikna og trykt nye glans i Norge til ein gong ut på 60-talet, men dei importerte auka stadig i omfang fordi dei kunne konkurrera på pris. Dessutan var dei blankare og såg meir «ekte» ut enn dei norskproduserte. Restopplaga av dei norske glansa var i handelen til rundt 1980.

 

KJELDER

Allen, Allistair & Joan Hoverstadt: «The History of Printed Scraps», London 1990 (1. utg. 1983)
Enerstvedt, Åse: «Glansbilder i Norge», etterord til den norske utgåva av Faurholt, Estrid.
Faurholt, Estrid: «Glansbilder. Glansbildenes historie», norsk utgåve, Legoland 1981
Ralf, Elisabeth: «Änglar och rosor», Stockholm 1978
Ralf, Elisabeth: «Lyckliga stunder med bokmärken», Stockholm 1983
Rickards, Maurice: «The Encyclopedia of Ephemera», London 2000
Rosander, Göran: «Bokmärkstillverkning i Norden. Förlag, konstärer, produkter»,i «Imagerier, Sju etnologiska bildstudier tillägnade Anna Birgitta Rooth på 65-årsdagen», Uppsala 1984
Pieske, Christa: «Das ABC des Luxuspapiers», Berlin 1983
Økland, Einar: «Glanstid for norske glansbilde», i «Samlaren», utstillingskatalog utgitt av Hå gamle prestegard, 2010
Økland, Einar: Intervju 28. oktober og 7. november 2011