Hopp til hovedinnhold

Illustrerte notetrykk som samleobjekt

I starten hadde notetrykka sjeldan annan dekor enn forseggjorte bokstavar eller vignettar, men rundt 1900 begynte dei å få illustrasjonar på framsida. Denne samlinga konsentrerer seg om norske illustrerte notetrykk.

Illustratørane har i dei fleste tilfella signert med initialar, men er elles ikkje tilkjennegitt av utgivaren. Notetrykka inneheld sjeldan andre fakta enn namn på tekstforfattar, komponist og utgivar. I boka «Musikkhandel i Norge fra begynnelsen til 1909» har Kari Michelsen gjort ein svær jobb, bl.a. med å registrera alle kjente notetrykk i Norge frå byrjinga av 1800-talet til 1908. Dei fleste notane i denne samlinga er frå 1900 og framover til 60-talet.

 
Blant samlarar er gamle notetrykk delvis interessante som musikalske og musikkhistoriske tidsvitne, delvis som kulturhistoriske. Dei er lenge blitt tatt for gitt, men interessa for dei ser ut til å vera stigande.
 

Glimt frå samlinga

STEMNING

Illustrerte noteark: Stemning

«Omslaget skulle vekka kjøpelyst, illustrasjonen hadde ingenting å seia for spelemåten.Typiske motiv er humor, forelska par og fritidsaktivitetar. Her er mykje solstråler, måneskin og turar på fjorden. Illustrasjonane skal dels få folk inn i ei stemning, dels seia det dei ikkje kan seia sjølve.» Einar Økland

HØVESSONGAR

Illustrerte noteark: Høvesongar

«Å komponera ein song til jubileum og offentlege hendingar var eit slags reklametiltak for å skapa blest om det som skulle skje.» Einar Økland

AKTUALITET

Illustrerte noteark: Aktualitet

«Aktualitet blei ein kvalitet her som så mange andre stader. Mange melodiar hekta seg på ting i tida, i håp om å bli populære. Komponistar surfa på interessa nyheiter hadde blant publikum. Illustrasjonane til slike notetrykk spelte på gjenkjenning. Einar Økland

REVY OG FILM

Illustrerte noteark: Revy og film

«Notane til musikken kom ut så fort nokon hadde suksess på ein scene. Frå 30-åra gjaldt dette også populære filmar. Ein prøvde å gjera notane til ein slags spinoff.» Einar Økland

REKLAME

Illustrerte noteark: Reklame

«Ein del musikk er laga i reklameøyemed. Ofte prøver illustrasjonane å forbinda musikken med varer som eigentleg ikkje har noko med den å gjera, f.eks. margarin, sigarettar, sjokolade, tannkrem, tobakk og kaffi. Einar Økland

NASJONALROMANTIKK

Illustrerte noteark: Nasjonalromantikk

«Her er mange motiv som viser fjell, dalar og norsk tradisjon. Nasjonale stemningar var vanleg – illustratørane bygde mest på heimleg grunn.» Einar Økland

PATRIOTISKE

Illustrerte Noteark: Patriotiske

«Etter krigen kom det ein heil del patriotiske songar. Illustrasjonane understreka det nasjonale ved å bruka fargane raudt, kvitt og blått, eller ved å idealisera det norske.» Einar Økland

FOTO OVERTAR

Illustrerte noteark: Foto overtar

«Kjendisane drog fotografiet med seg til framsidene. Det blei meir og meir foto, og mindre og mindre elegant teikning på notetrykka frå slutten av 40-åra.» Einar Økland

BERGENSIANA

Illustrerte notetrykk: Bergensiana

Tradisjonsrike byar er ofte tematiserte i songar. Her er nokon notetrykk frå Bergen.