Illustrerte notetrykk
Notearket er ein trykksak som blir brukt av alle som speler musikk, både profesjonelle og amatørar. Fram til midten av førre hundreåret – så lenge levande framføring dominerte folks tilgang på musikk – hadde notetrykket ei langt større utbreiing enn i dag. Skulle ein melodi nå ut, måtte notane distribuerast.
– Framsida blei ein miniplakat som søkte sterke uttrykk og symbolsk blikkfang, seier Einar Økland om notetrykka.
Etter 1900 blei notane masseproduserte og nådde etter kvart eit stort publikum. Dei blei ei aktualitetsvare, og eit barometer på kor populære låtane var.
I byrjinga hadde notetrykka sjeldan annan dekor enn forseggjorte bokstavar eller vignettar, men rundt 1900 byrja dei få illustrasjonar på framsida. Denne samlinga konsentrerer seg om dei norske illustrerte notetrykka.