Hopp til hovedinnhold

Historisk tilbakeblikk

Notearket er ein trykksak som blir brukt av alle som speler musikk, både profesjonelle og amatørar. Fram til midten av førre hundreåret – så lenge levande framføring dominerte folks tilgang på musikk – hadde notetrykket ei langt større utbreiing enn i dag. Skulle ein melodi nå ut, måtte notene distribuerast.

Eit notetrykk er eit hefte med notar – og evt. tekst – til ein melodi. Ofte har det fire sider, men det kan ha fleire. Med norske illustrerte notetrykk, meiner me her at framsida er dekorert av ein norsk illustratør, at heftet har ein norsk utgivar og at teksten er norsk. Det varierer om komponisten er frå Norge.

Fleire fekk råd til piano
Fram mot slutten av 1700-talet var det organiserte musikklivet konsentrert rundt kyrkja, latinskulane, stadsmusikaren og militæret, og desse institusjonane haddeillustrert_noteark_masta bruk for notar. I tillegg dreiv embetsstanden og andre bedrestilte privatpersonar – som framleis var fåtallige i Norge – med musikk som hygge og tidsfordriv. Notane blei bestilte frå kontinentet. Utetter 1800-talet auka handelen, levestandarden betra seg for mange, og det blei mogeleg for fleire å slå seg opp. Då nye yrkesgrupper, som f.eks kjøpmenn og handverkarar, fekk betre råd, kjøpte stadig fleire piano. Då marknaden for instrument og notetrykk blei større, etablerte fleire musikkforlag og musikkhandlar seg i Norge. Dei trykte og distribuerte notetrykk, og kundane var fordelte over heile landet.

Notetrykka blei masseproduserte
Etter 1900 gjorde betre reproduseringsteknikkar deillustrert_noteark_en_sommerkveld_på_fjordent mogeleg å masseprodusera notetrykka til ein lågare pris, slik at ein nådde eit større publikum. Framleis trong ein notar i instrumentopplæringa og til institusjonell bruk, men notane blei meir og meir ei aktualitetsvare der det var om å gjera å skaffa seg det siste nye. Dette gjaldt særleg slagermusikken, som blei spelt på radio, men som hovudsakleg spreidde seg gjennom å bli framført. Notane blei dermed ein slags distribusjonskanal for musikk.

Hitlistene
Fram til midt på 50-talet var salet av notar den viktigaste illustrert_noteark_freiapeikepinnen på kor populære låtene var, og utgjorde derfor grunnlaget for hitlistene. Grammofonen var enno ei luksusvare, mens mange hadde piano heime. Når folk høyrde ein song dei likte på radio, kjøpte dei notane for å spela sjølv, sidan dei elles ikkje kunne lytta til musikken når dei ønskte. I ein periode figurerte fleire typar hitlister parallelt. Her i Norge kom den første ti på topp-lista basert på salet av plater i 1958.

Fotografiet tok over
Frå midten av 50-åra var det fleire og fleire som fekk platespelar. Samtidig kom rocken, og ungdomsgenerasjonen tok over platekjøpet. Notane blei erstatta av vinylplatene som den viktigaste tilgangen folk hadde til musikk. I den grad det framleis kom ut notar med populærmusikk, blei det vanlegare å bruka foto av artisten på framsida, i staden for illustrasjonar.

Kjelder

Ose, Bård: Samtale 2. september 2011 
Michelsen, Kari: «Musikkhandel i Norge fra begynnelsen til 1909», Oslo 2010 
Økland, Einar: Intervju 9. og 10. mai 2011