Hopp til hovedinnhold

Intervju med Økland om illustrerte notetrykk

– Framsida blei ein miniplakat som søkte sterke uttrykk og symbolsk blikkfang, seier Einar Økland om notetrykka.

– Korleis gjekk det til at du byrja samla på illustrerte notetrykk?

– Eg er opptatt av trykksakene, meir enn musikken. Eg spør meg: Blir det laga visuelle bilde til musikk som ikkje finst andre stader? Det finst f.eks. langt fleire par på noteframsidene enn på veggane i Nasjonalgalleriet. Det er mykje meir flørting her enn i målarkunsten. Kva fortel skilnaden oss? Ei forklaring kan vera den direkte kontakten med kundegruppa. Illustrasjonane skal fanga merksemd og slå an ein emosjonell tone. Dei vender seg til folks ønsketenking og dagdraumar. Og lommebok.

– Blir dei dermed tannlause?

– Ja, det er nesten utgangspunktet. Illustrasjonane er ikkje samfunnskritiske eller analytiske, dei stryk publikum med håra. Dei skal ikkje vekkja ulyst eller misnøye, men vera storslagne. Designmessig er det nokon som får det til.

– Kva var typisk for dei illustrerte notetrykka?


– Notetrykket er eit medium der musikken møter marknaden i ein trykksak. Notehefta blei masseproduserte frå ca. 1900, då litograferinga gjorde det billegare å reprodusera illustrasjonar på papir. Då musikkmarknaden blei større, måtte notane konkurrera omokland_in_et_minne_om_deg merksemda. I praksis blei framsida ein miniplakat som søkte sterke uttrykk og symbolsk blikkfang. Den skulle fortelja noko om kva du kunne venta deg her. Illustrasjonen er ein slags salsfremmande emballasje som prøver å nå publikum. For notetrykka er plakaten eitt med vara.

– Når illustratøren skal formidla musikken, har han hovudsakleg konsentrert seg om to innfallsvinklar: Enten viser han sjangeren (ei sjømannsvise er f.eks. illustrert med folk på sjøen) eller tematikken i sangteksten, særleg tittelen (kjærleiksviser har f.eks. ofte par på framsida). Illustratørane har som regel ikkje gripe tak i det musikalske. Omslaget viser sjeldan om melodien er ein vals eller polka, om musikken går fort eller sakte.

– Det er forholdsvis mykje teikning og lite fotografi. Her er sjeldan fotomontasjar eller utstudert bruk av foto.


– Kvifor er dei interessante?

– Dei er ein slags tidsvitne. For ein grafisk stil, men også for musikken som var ny på den tida. Ikkje for klassikarane, men for den musikken ein håpte skulle slå an.

– Illustrasjonane vitnar også om at teiknarane hadde ein annan fridom enn fotografane. Illustratøren skulle setja ei stemning. I den grad det blei brukt foto, skulle fotografen dokumentera ein kjend songar eller musikant.

– Kva stiltrekk ser du på notetrykka?

– Illustrasjonane var influerte av «tidens stil», men dei var ikkje stilskapande. Her er nesten ingen impresjonisme, surrealisme, dadaisme eller tysk ekspresjonisme. Målarkunstens stilartar ser ein lite av i denne typen illustrasjonar. Stilvalet er ofte gjort for å signalisera modernitet og aktualitet, slik som jugend, som var ein moderne grafisk stil i Norge rundt 1900.

– Midt på 20-talet kom plakatstilen, der det var lite detaljar og enkle, sterke fargar. Nokon teikna også i det ettertida har kalla art deco, med forenkla, dekorative linjer.

– Korleis utvikla dei seg?


– Det fanst spreidde tilløp til illustrasjon frå midten av 1800-talet, men dei var små iillustrert_noteark_jeg_er_en_tater forhold til trykkflata. Store, figurative, til dels fargerike bilde, begynte å koma i slutten av 1890-åra.

– Det blir mindre og mindre artisteri i etterkrigsåra. Grafisk sett er det lite spennande, det som kjem etter 1950. Det er ikkje stor illustrasjonskunst. dei bruker ikkje dei beste illustratørane. Etter krigen blir det brukt meir og meir foto, og mindre elegant teikning.

– Den store, nye bildeberaren innan musikkindustrien skulle bli omslaget til LP-platene. Dei hadde si glanstid mellom ca. 1950 og 1980-åra.

– Kven illustrerte notetrykka?

– Rekrutteringa skjedde blant dei teiknarane som var aktive i andre media, slik som skjemteblad, aviser, vekeblad og plakatar. Litt inn på 1900-talet ser ein at avis-, reklame- og bokteiknarar dukkar opp på notetrykka. Nokre illustratørar er gode figurteiknarar, andre er middelmådige. Dei får sjeldan utfalda seg på notane.

– Thorolf Holmboe og Per Krohg er mellom dei få kunstmalarane som merkte seg ut på notetrykka. Otto von Hanno var ein kjend art deco-teiknar som har illustrert mange notetrykk i mellomkrigstida. Andre særprega stilistar var Sverre Henning Gran og Paul Lorch Eidem, som var aktive på 30-talet.

– Thorbjørn Egner jobba også med denne typen trykksaker, og det er spennande å sjå dette innslaget i kunstnarutviklinga hans fram til ca. 1950. Han arbeidde mellom anna for reklamebyrå, men har viska spora ut etter seg.

– Var alle typar notetrykk illustrerte?

– Viss musikken var seriøs, hadde den sjeldan illustrasjon. Klassiske stykke hadde som oftast prydskrift og ornament på omslaget, men det finst unntak. Det var hovudsakleg notane til populærmusikken som var illustrerte. Slagermusikken var folkeleg og i større grad knytt til konsum, og illustrasjonane var eit verkemiddel til å nå fleire på massemarknaden. Melodiane var forbruksvare – blant songane med illustrerte noteomslag er det ikkje mange som er blitt evergreens.