Hopp til hovedinnhold

Historisk tilbakeblikk

I tiåra før 1900 byrja ei rekke firma i Europa og USA å distribuera gratis reklametrykksaker med fargerike bilde frå heile verda. Blant dei fanst også kort om Norge og norske forhold, altså «norvegiana».

LiebigSomme typar av desse små reklametrykksakene var pakka inn i emballasjen og følgde med vara. Andre blei delte ut personleg til kundar og kontaktar. Felles var at dei kombinerte eigenreklamen med ein folkeopplysande tekst og ein fargerik illustrasjon. Tema var henta frå ulike historiske hendingar, kulturpersonar eller geografi.

Norske motiv finst på fleire typar av desse utanlandske trykksakene, som postkort, brevmerke og trade cards, men storparten ser ein på såkalla samlekort.

Liebig-kort
Den tyske buljongprodusenten Liebig var først ute med å gi bort slike temabaserte samlekort. I 1870-åra starta dei å leggja eitt kort ved kvart glas buljong dei sende ut på marknaden. Korta tilhøyrde seriar – som oftast på seks – innan same emne, og det tok ikkje lang tid før barn byrja å samla på dei.

Liebig var eit stort firma som etablerte seg i mange land, og etter kvart kom samlekorta også ut på bl.a. engelsk, fransk, dansk og nederlandsk. Andre firma kom etter med sine samlekort, men Liebig-korta var så populære at dei blei eit eige omgrep.

Stollwerck-kort
Den tyske sjokoladefabrikanten Stollwerck var nyskapande på eit anna felt: I 1880-åra fann dei opp sjokoladeautomaten. Automatane blei plasserte på jernbanestasjonar og andre offentlege stader, og putta du på ein mynt, fekk du ut ein sjokolade og eit forseggjort reklamekort. Korta tilhøyrde ein temaserie slik som Liebig sine, men var litt mindre i formatet. norvegiana_wills_cigarettes_croppetOgså Stollwerck-korta slo an hos publikum. På slutten av 1890-talet gav Stollwerck ut heile 50 millionar samlekort årleg.

Sigarettkort
I 1870-åra starta sigarettprodusentar i Nord-Amerika å leggja ved merke av papir, altså ein tynnare type enn samlekorta. Cigarette cards var namnet på den nye sorten samleobjekt som kombinerte reklame og illustrasjon. England følgde etter i slutten av 1880-åra, og andre land gjorde etter kvart det same.

Mot slutten av førre hundreåret kom det altså ulike typar samlekort i ei rekke land. Dei norske er omtalt under vignetten «Samlekort» ein annan stad på desse nettsidene. Fleire og fleire firma gav ut stadig nye seriar, og korta var svært populære samleobjekt hos barn fram til andre verdskrigen. Det blei laga eigne album til mange av seriane, slik at det blei endå viktigare å få samlinga komplett.

I 50-60-åra døydde samlekorta ut, men det finst sporadiske førekomstar seinare. 

Andre typar trykksaker
Det første brevmerket kom i 1850-åra, og hadde si glanstid fram til første verdskrigen. Seinare var bruken meir sporadisk. Dei blei som oftast laga for å støtta eller skapa blest om jubileum, utstillingar eller andre einskildhendingar. Eksempel på motiv frå Norge er den norske paviljongen på internasjonale utstillingar.

Trade cards eller Kaufmannsbilder, som ikkje har fått noko eige namn på norsk, følgde verken vara (som samlekorta) eller blei selde (som brevmerka), men blei gitt bort som ein gest. Desse korta er større enn samlekorta, meir på storleik med eit postkort. Dei låg ofte på disken i butikken, og kunden fekk kanskje med seg eit som takk for handelen. Nokre av desse reklamerte berre for fabrikken eller produktet, mens andre hadde informative bilde – f.eks. motiv frå Norge.

Før Norge byrja produsera sine eigne postkort på slutten av 1800-talet, såg utanlandske firma ein marknad her. F.eks. blei det selt tyske postkort med motiv frå Norge på tyske turistbåtar som gjekk langs kysten vår. Ein annan type norvegiana-postkort var slike som inngjekk i seriar med tema frå ulike land, der Norge f.eks. var representert med folkedraktar.

Norge sett frå utlandet
Det som desse trykksakene formidla frå Norge, kan delast inn i følgjande hovudgrupper:

  • Naturfenomen, som fjordar, fjell og midnattssol.
  • Folkloristikk, som bunadar og byggeskikk.
  • Kjende personar innan kultur, polarekspedisjonar og sport, som Ibsen, Nansen og Birger Ruud.
  • Næringsvegar, som fiskeri og tømmerdrift.
  • Statsspesifikke fakta, som flagg, myntar, kongehus og militære uniformar.

Kjelder:

Doggett, Frank: «Cigarette Cards and Novelties», London 1981
Mielke, Heinz-Peter: «Vom Bilderbuch des Kleinen Mannes», Köln 1982
Pieske, Christa: «Das ABC des Luxuspapiers», Berlin 1983
Einar Økland: Intervju 10. og 17. august 2011.

TIDSLINJE: NORVEGIANA SI HISTORIE

Gå til fullskjermversjonen