Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Norvegiana

I tiåra før 1900 byrja større firma i USA og Europa å distribuera ein ny type reklame til kundane sine: Små trykksaker med fargerike bilde og ein informativ tekst frå samfunnslivet. «Norvegiana» kallar ein dei som handlar om Norge og norske forhold.

– Faktakunnskapen på samlekorta var nyttig for barn. Ein kan seia at reklamen har haika med pedagogiske impulsar i samfunnet, seier Einar Økland.

Norske motiv finst både på utanlandske postkort, brevmerke og trade cards, men storparten ser ein på såkalla samlekort, som var svært populære blant barn.

Norvegiana-trykksakene vitnar om korleis Utlandet såg på Norge.


Video: Norvegiana

Videokarusell som viser korleis utanlandske firma har brukt norske motiv i reklamen.
Med reklame for alt frå symaskiner til levertran - representert med produsentar som til dømes Scott's Emulsion, Palmin og Singer.