Hopp til hovedinnhold

Norvegiana som samleobjekt

Norvegiana-trykksakene vitnar om korleis Utlandet såg på Norge.

Utanlandske bøker om norske emne er grundig katalogisert av Eiler H. Schiötz i boka;«Utlendingers reiser i Norge» frå 1970, men små reklametrykksaker er det ikkje skrive noko utførleg om. Norvegiana som ikkje er småtrykk, er elles godt ivaretatt av biblioteka her i landet.

Det er hovudsakleg fire typar små trykksaker som har illustrasjonar av norske forhold. Alle er godt representerte i Einar Øklands samling, men postkorta er ikkje viste her:

    • Samlekort – temakort i serier, låg innpakka i vara.
    • Brevmerke – merke med reklame eller informasjon som kunne limast på brev.
    • Trade cards – kort med firmareklame som blei delte ut i butikk eller til firmakontaktar.
    • Postkort – produserte i utlandet, men med norske motiv.

Eit felt innan norvegiana som er populært blant samlarar, er reiselivstrykksaker knytt til turismen i Norge, f.eks. cruisefarten hit.

Nedslag i samlinga

 

GEOGRAFI OG NATUR

«Det er særleg to sider ved landet som kjem fram på korta som viser norsk natur og geografi: Norge som turistreisemål og Norge som noko eksotisk med isbjørnar, midnattssol og stavkyrkjer.» Einar Økland
Norvegiana: Geografi og natur

FOLKELIV

«Folk i bunad var eit blikkfang, og eit populært motiv. Dei var fargerike og oppsiktsvekkjande. Dei som laga korta likte å tru at nordmenn gjekk i dei støtt og overalt.» Einar Økland
Norvegiana: Folkeliv

NORSKE KJENDISAR

«Heltane, eller kjendisane, gav Norge eit ansikt internasjonalt. I utlandet var dei opptatt av polarforskarane Nansen og Amundsen, kunstnarane Ibsen, Bjørnson, Grieg, i tillegg til kongehuset. Etter første verdskrigen blei det laga mange kort med bilde av Sonja Henie.» Einar Økland
Norvegiana: Norske kjendisar

NÆRINGSLIV

«Sjø, skog og bondeliv er det utlandet har vore opptatt av. Innimellom dukkar det opp bilde av meir eksotisk verksemd, som sanking av edderdun og eksport av isblokker.» Einar Økland
Norvegiana: Næringsliv

BERGENSIANA

«I Norge var Bergen eit knutepunkt for turistar frå 1890-talet og fram til første verdskrigen. Storparten kom til landet med båt.» Einar Økland
Norvegiana: Bergensiana