Intervju med Økland om norvegiana

– Faktakunnskapen på samlekorta var nyttig for barn. Ein kan seia at reklamen har haika med pedagogiske impulsar i samfunnet, seier Einar Økland.

– Kvifor samlar du på utanlandske reklametrykksaker med illustrasjonar om Norge?

– Det byrja på 70-talet med at eg la til side ting eg kom over i ny og ne. Eigentleg er samlinga ein utløpar av andre interesser, men det er interessant å sjå kva bilde ein fårnorvegiana_norge_på_ski av Norge i dette materialet. Dette er norske motiv, det handlar om oss.

– Mi samling av norvegiana kan ein kalla ei eksempelsamling av ulike trykksaker med emnet «Norge» – eit emne som er den vaksne sitt perspektiv i ettertid. Det vanlege var at barn samla på heile seriar, som f.eks. dyr, flagg osv.

– Kva fortel dei om synet på Norge?

– Dei byggjer opp om stereotypien om Norge. Korta fortel at det er naturskjønt, dramatisk og annleis her, med isbrear og mange fjordar. Skogane fortel dei ikkje om. Me ser heller ikkje noko til laksefisket og fjellklatringa som dei engelske lordane dreiv på med her – dét var for dei få. Desse trykksakene vender seg til det store publikum.

– Ein annan observasjon er at norske eventyr ikkje har nådd ut til barn i utlandet via dette mediet. Både H.C. Andersen sine kunsteventyr og brørne Grimm sine folkeeventyr er derimot nådd ut internasjonalt.

– Viss me held oss til samlekorta: Kva syn på folkeopplysning vitnar dei om?


– Det særmerkte med desse var at dei var laga for å bli samla av barn. Ved overgangennorvegiana_bensdorp_cacao til 1900-talet var ein på veg bort frå standsamfunnet og inn i det moderne, der alle kan slå seg opp og fram dersom dei kan noko. Mange av reklameframstøytane har skjedd under dekke av at faktakunnskapen på korta er nyttig for barn. Ein kan seia at reklamen har haika med pedagogiske opplysningsimpulsar i samfunnet.

– Kva firma var det som laga samlekort?

– Det var som regel produsentar av små varer som ein trong i kvardagen, slik som tobakk og vaskemiddel. Men også andre hushaldningsartiklar som kjeks og sjokolade hadde samlemerke. Dei følgjer sjeldan med større varer, som bilar, møblar eller landbruksmaskinar.

– Kva vinst låg det i å distribuera samlekort gratis?

– Då samlekorta kom, var dei eit moderne medium som passerte mange hender. Kunne produsentane få folk til å ta vare på korta, ville reklamen bli sett av endå fleire. Difor kombinerte dei illustrasjon og nyttig info med reklame.

– Hadde samlekorta standardformat?

– Nei, men Liebig og Stollwerck heldt seg i dei same formata heile tida, høvesvis 10,5x7,1 cm og 9,2x4,8 cm. Fordi dei var pionerar og heldt på så lenge, gav dei to namn til Liebig-formatet og Stollwerck-formatet, som også ein heil del andre firma heldt seg til. Sigarettmerka varierte i storleik, men alle var små. Unntaksvis fann ein større objekt med norske motiv i sigareskene. Nokre av desse var laga i filt.

– Korleis er kvaliteten på samlekorta?

– Dei er forseggjorte og klart teikna – nesten ingenting er dårleg laga. Dei har mange fargar, og er visuelt spennande. Men innhaldsmessig er ikkje alle like godt kvalitetssikra. På korta kan ein finna både bunadar og byggeskikkar me aldri har sett i Norge.