av siriokland — sist endret 2016-09-17T01:17:10+01:00 © Copyright: Illustrasjonar er beskytta iht. Lov om opphavsrett til åndsverk av 1961. Utover privat bruk er gjengivelse/reproduksjon av verna illustrasjonar ikkje tillatt utan etter avtale med rettighetshaver v/BONO. Kontakt BONO (Billedkunst Opphavsrett i Norge) for rettighetsklarering: www.bono.no. For tekst på sida gjeld følgande lisens: Navngivelse-Ikkekommersiell-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge (CC BY-NC-SA 3.0).Illustrasjoner og bilder på sida ligg i Einar Øklands private samling og er digitalisert av Bergen 0ffentlige Bibliotek.
Til-og-frå-lappen har same funksjon i dag som då den blei tatt i bruk på 1800-talet, men har aldri vore særleg påakta etter at julekvelden er over. Av forståelege grunnar har gåveinnhaldet fått større merksemd enn innpakninga.

Pakkelappens historie er naturleg nok knytt til julegåveskikken. På dette feltet har fleire skikkar og tradisjonar gått parallelt, smelta saman eller påverka kvarandre. I Europa har gåvetradisjonen opphav i den romerske kalenderfesten, der herskapet gav tøy og klede til tenarane ved nyttår. Seinare blei gåveskikken flytta til juletider, og pakkelapp_bjelle_croppet bedrestilte byrja gi mat og andre naudsynte varer til fattige. Det var enno ikkje blitt vanleg å gi gåver til barn.

St. Nikolaus gav til barn
Den katolske helgenen St. Nikolaus gir ris til ulydige barn og gåver til snille. På 1200-talet dukka han opp første gong med ein mynt som gåve til barn i kloster, og det blei ein skikk i katolske land at barn fekk gåver på minnedagen hans, 6. desember. Etter reformasjonen på 1500-talet gjekk tyske protestantiske prestar ut mot denne gåvedagen. Dei hevda det var Kristusbarnet som gav gåver, ikkje St. Nikolaus, og gåveoverrekkinga blei flytta frå 6. desember til julaftan eller første juledag.

Gåveskikk frå Tyskland
Gåveskikken slik me kjenner den i dag, har me fått frå Tyskland. Utetter 1700-talet blei det vanleg i borgarlege miljø å ferira jul med familien, blant anna med gåver til barna. Skikken spreidde seg vidare gjennom prestar og lærarar til landsbygda. I England blei det vanleg at også barn frå arbeidarklassen fekk gåver etter at billege masseproduserte leiker kom i handelen i byrjinga av 1900-talet. Julegåveskikken blei allmenn her i landet på slutten av 1800-talet, mange stader endå seinare. 

Tidleg på 1800-talet byrja ein pakka gåvene inn slik at mottakaren skulle bli overraska. I pakkelapp_nisse_i_fallskermstarten var gåvene små og hang i korger på juletreet, etter kvart blei dei større og lagt under. Då det blei vanleg å pakka gåvene inn, er det naturleg å tenkja seg at det oppstod eit behov for å merka dei. I staden for å nøya seg med å skriva rett på papiret, har ideen med å pynta gåvene med ein fin pakkelapp oppstått.

Pakkelappar frå 1920-åra
I Norge kom dei første industrielt produserte pakkelappane i handelen seint i 1920-åra. Dei blei raskt populære, og det blei gitt ut mange nye kvart år. Utvalet auka dermed på kort tid.

Den typiske pakkelappen hadde eit lite bilde på framsida og to linjer med teksten «til» og «frå»  eller «fra» – på baksida. Eit lite hol var stansa ut for å kunna tre lappen inn på gåvebandet. Det vanlegaste formatet var rektangelet, men i 40-åra byrja somme gi ut figurskorne pakkelappar.

Pakkelappane blei gitt ut av norske kunstforlag, blant andre Abels, Damm, Oppi, Mittet, Kuenholdt og Aune. Dette var dei same som gav ut postkort.

Høg produksjon under andre verdskrigen
Under andre verdskrigen og vidare utetter 40-åra var produksjonen av norske pakkelappar høg, men etter kvart byrja utgivarane å importera illustrasjonar frå utlandet som dei trykte med norsk tekst. Denne tendensen starta i første halvdelpakkelapp_hunden_croppet av 50-talet, og har halde fram til i dag. Dei originale norske pakkelappane er blitt færre, no er det hovudsakleg utanlandske på marknaden her i landet.

I dag
Det finst unntak, men grovt sagt fell dagens norskproduserte pakkelappar i to kategoriar: Den eine typen har påtrykt reklame og blir delt ut gratis. Den andre typen blir utgitt av veldedige organisasjonar, og inntekta går til eit godt formål. Motiva på dei sistnemnde er relativt sjeldan originale, nylaga teikningar, men gjenbruk av gamle julekortmotiv og andre illustrasjonar. Dei pakkelappane som blir selde i dag og som ikkje er veldedige, er som oftast laga i utlandet.

KJELDER

Bø, Olav: «Høgtider og minnedagar», Oslo 1985
Bø, Olav: «Vår norske jul», Oslo 1970
Hodne, Bjarne og Anna-Marie Wiersholm: «Glædelig Jul!. Glimt fra julefeiringens historie», Oslo 1982
Tessem, Berit og Kjetil Wiedswang: «Jul», Oslo 2010
Økland, Einar: Intervju 16. september 2011