Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Pakkelappar

Til-og-frå-lappane som følgjer julegåvene har same funksjon i dag som då dei ein gong blei tatt i bruk. Av forståelege grunnar har gåveinnhaldet fått større merksemd enn innpakninga, og pakkelappane har aldri vore særleg påakta etter at julekvelden var over.

– Pakkelappane er ein anonym og ukommentert sektor av folkelivet. Nesten ingen er moderne i uttrykket, men viser helst jul i «gamle dagar», seier Einar Økland.

I Norge kom pakkelappane i industriell produksjon seint i 1920-åra. Dei blei raskt populære, og det blei gitt ut mange nye kvart år.

Denne samlinga konsentrerer seg om pakkelappar som er illustrerte av norske kunstnarar, og dermed er dei fleste frå perioden 1920–60-åra.


Video: Pakkelappar

Videokarusell som tek for seg pakkelappar laga av den kjende norske reklameteiknaren Harald Damsleth.