Hopp til hovedinnhold
av siriokland — sist endret 2017-12-19T18:07:36+01:00 © Copyright: Illustrasjonar er beskytta iht. Lov om opphavsrett til åndsverk av 1961. Utover privat bruk er gjengivelse/reproduksjon av verna illustrasjonar ikkje tillatt utan etter avtale med rettighetshaver v/BONO. Kontakt BONO (Billedkunst Opphavsrett i Norge) for rettighetsklarering: www.bono.no. For tekst på sida gjeld følgande lisens: Navngivelse-Ikkekommersiell-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge (CC BY-NC-SA 3.0).Illustrasjoner og bilder på sida ligg i Einar Øklands private samling og er digitalisert av Bergen 0ffentlige Bibliotek.
Det finst ikkje nokon oversikt eller katalog over dei norske pakkelappane, så illustratør, opplag og utgivar er det vanskeleg å seia noko heilt sikkert om.

Det ser ikkje ut til at mange samlar spesielt på pakkelappar i dag, men dei inngår truleg i ein del samlingar der hovudinteressa er ei anna enn sjølve trykksaken, f.eks. barndom, jul eller einskilde kunstnarar. 

Denne samlinga konsentrerer seg om pakkelappar som er illustrerte av norske kunstnarar, og dermed er dei fleste frå perioden 1920–60-åra. Det finst ikkje nokon oversikt eller katalog over dei norske pakkelappane, så illustratør, opplag og utgivar er det vanskeleg å seia noko heilt sikkert om, det same gjeld årstalet dei kom ut. Men når dei blir sett i samanheng med kvarandre og andre typar trykksaker frå same periode, er det likevel mogeleg å danna seg eit bilde av feltet.

Glimt frå samlinga

 

NISSEN

«Juletid er nissetid. Det finst to typar nissar: Gåvenissen og fjøsnissen. Fjøsnissen har barnslege trekk, og lever same sort liv som menneska. Han har kone og barn, er glad i mat og er laussloppen iblant. Han er i større grad ein identifikasjonsfigur, mens gåvenissen er ein framand gjest.»Einar Økland
Pakkelapp: Nissen

PATRIOTISKE

«Dei norske flaggfargane var mykje brukte etter krigen for å understreka patriotisme og norsk fredsglede.» Einar Økland

pakkelapp_glade_jul_croppet

SNØ OG VINTER

«Mange pakkelappar har ein nøytral illustrasjon som berre refererer til vintersesongen. Stille snølandskap med eit einsleg hus eller ei kyrkje med kveldshimmel og julestjerne har vore mykje brukt.» Einar Økland
Pakkelapp: Snø og vinter

FOTOGRAFISKE

«Det har vore nokre få tilløp til å bruka fotografi på pakkelappar. Desse fotografiske sommarbilda av prinsebarna er atypiske. Dei kongelege har liten plass i norsk julefeiring.» Einar Økland

pakkelapp_prinsesse ragnhild og astrid_croppet
pakkelapp_kronprinsesse märtha og prins Harald_croppet

NILS OG BLÅMANN

«Folk hadde ikkje sett norske teikneseriemotiv før. Ivar Mauritz-Hansen sine pakkelappar var alltid godt teikna og motiva var veldig klare. Han har teikna minst tretti ulike motiv.» Einar Økland
Pakkelapp: Ivar Mauritz-Hansen

HARALD DAMSLETH

«Damsleth fornya sjangeren, og hans pakkelappar er originale i forhold til dei øvrige. Han gir dei ei utforming som har pregnans, og dei er ikkje så lette å avfeia.» Einar Økland
Pakkelapp: Harald Damsleth

ELBJØRG ØIEN MOUM

«Moum kjem også med noko nytt og annleis. Ho teiknar ungar som tindrar av energi og overskot, og ein legg merke til dei. Dersom det finst ein skjult bodskap, må den vera: Sjå korleis ungar har det. Ho har sett ungar, og har hatt teikneferdigheiter til å fanga dei.» Einar Økland
Pakkelapp: Elbjørg Moum

TYSK I NORGE

«Tyskarar som feirte jul i Norge under andre verdskrigen hadde sine eigne pakkelappar.» Einar Økland

pakkelapp_frohe_weihnacht_croppet