Hopp til hovedinnhold
av siriokland — sist endret 2016-09-21T14:46:43+02:00 © Copyright: Illustrasjonar er beskytta iht. Lov om opphavsrett til åndsverk av 1961. Utover privat bruk er gjengivelse/reproduksjon av verna illustrasjonar ikkje tillatt utan etter avtale med rettighetshaver v/BONO. Kontakt BONO (Billedkunst Opphavsrett i Norge) for rettighetsklarering: www.bono.no. For tekst på sida gjeld følgande lisens: Navngivelse-Ikkekommersiell-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge (CC BY-NC-SA 3.0).Illustrasjoner og bilder på sida ligg i Einar Øklands private samling og er digitalisert av Bergen 0ffentlige Bibliotek.
– Pakkelappane er ein anonym og ukommentert sektor av folkelivet. Nesten ingen er moderne, dei viser helst jul i «gamle dagar», seier Einar Økland.

– Kvifor samlar du på pakkelappar?

– Mi hovudinteresse er illustratørane og kva eg kan finna ut om dei. Det finst ingen katalog med oversikt over feltet, så eg måtte få tak i objekta for å sjå sjølv. Dette er eitpakkelapp_snømann_croppet univers du berre kan orientera deg i om du har levd i det lenge og sett mykje anna i tillegg. Etter ei stund såg eg kor forskjellige dei var innanfor sitt fysiske og bruksmessige fellespreg.

– Pakkelappane er ein anonym og ukommentert sektor av folkelivet. Illustratørane og bildeuniverset har blitt tatt for gitt – som noko som berre var der. Men eg er blitt overraska over kor mange teiknarar eg kjenner igjen frå postkort og andre trykksaker.

– Kva tendensar ser du?

– Dei norske skil seg ut frå dei utanlandske, just ved å visa norsk vinter, norsk mat, norske hus, norske landskap og norske klede. Hovudtendensen er at dei slår an årstida, som alltid er kvit vinter. Elles er det lausslopne nissar, fest, lys, stjerner, juletre og innekos. Nesten ingen er moderne, dei viser helst jul i «gamle dagar». Svært mange motiv er figurative, få er abstrakte. Ofte er det barn i leik, barn i fest – det er jul for barnas skyld. Bodskapen er alltid at me har det hyggeleg.

– Dei kan visa englar, Betlehemsstjerna, kyrkjeklokker eller folk på veg til kyrkja. Norske pakkelappar er likevel ikkje misjonerande eller agiterande religiøse, men speler meir på tradisjon. Av og til finst det bibelske motiv, men desse pakkelappane er som oftast importerte. Slike religiøse julemerke er mykje meir insisterande enn dei norske.

pakkelapp_i_kirken_croppet– Hovudregelen er at dei er teikna, men det finst nokre få tilløp til bruk av foto. Desse skil seg ut fordi dei er så sjeldne. Abels hadde f.eks. ein serie med foto av kronprinsfamilien frå slutten av 30-talet. Desse viser prinsesse Ragnhild og prinsesse Astrid saman med kronprins Harald i sommarlege omgivnader. Bilda har lite med jul å gjera, men pakkelappane var truleg stas å få.

– Korleis var kvaliteten på pakkelappane?

– Varierande. Ein del av dei er frodige, men ein kan nok seia at det er mykje idérikdom på tomgang. Illustratørane prøver å laga kjende motiv, som f.eks. julenissar, på stadig nye måtar. Somme er laga av dyktige teiknarar som har designklo, og slike tåler å bli sett på lenge. Pakkelappen er ein liten trykksak, og det er vanskeleg å briljera med å teikna detaljert. Men her er mange heiderlege forsøk på å utnytta formatet på den vesle trykksaken.

– Kva var typisk for dei norske pakkelappane?

– Dei norske var røffe, men kontante. Typisk for den norske stilen var å ikkje teikna altfor detaljert. I utlandet brukte dei finare papir, klarare teikningar og finare trykk. Dei var som regel meir dekorative i designet, men motiva hadde mindre særpreg og var ofte mest opptatt av symbolfunksjonen. Dei norske kunne vera grovt teikna og mindre finslege, men dei var ei oppvisning i at me er norske og slik har me det her.

– Kven illustrerte pakkelappane?

pakkelapp_nissefar_croppet– I perioden 1940–60 utgjorde dei kjende postkortteiknarane og utgivarane kjernen av dei som laga pakkelappar. Av og til blei julekort i miniatyr brukte som pakkelappar, men dei fleste var teikna med tanke på direkte utgiving i det vesle formatet.

– Ein del av pakkelappane – særleg dei som kom i 40- og 50-åra – var signerte, slik som julekorta. Ein av dei som skilde seg ut var Harald Damsleth. Han sjuska aldri, sjølv om han teikna til noko lite og ubetydeleg, som pakkelappar.

– Milly Heegaard var ein særmerkt og mykje nytta julekortteiknar som også laga pakkelappar. Stilen hennar er spesiell, ho er aldri berre koseleg. Det er alltid noko som er litt stygt eller nokon som ikkje heilt trivst.

– Andre interessante namn er Elbjørg Moum, M. Ottar Michaelsen, Trygve M. Davidsen, Birger Cranner, Anne Eline Coucheron og Erik von Krogh.

– At dei har signert pakkelappane, inneber vel ei oppvurdering av dei i forhold til mange andre små trykksaker som ikkje var signerte?

– Ja, kanskje teiknarane såg det slik.

– Kva fortel motivvalet deg?

– At ein heldt ein tradisjon ved lag. Illustrasjonane viser ei førestelling om korleis jula burde sjå ut, den viser ei idealframstilling av det juliske. Men den har ingenting med realisme å gjera – her er ingen fattige, her er ingen økonomiske forskjellar å spora. Alle handlar gåver og det er jul for alle.okland_pakkelapp_nisseorkester

– Ein kan også seia at pakkelappane har ein tilsynelatande utjamnande kvalitet. Dei er usnobbete i motivval og dei same pakkelappane blir nytta av både fattige og rike.

– Har teksten på pakkelappen utvikla seg?

– På dei tidlegaste stod det trykt «Glædelig jul», men ellers er det «God jul» som blir brukt. «En julehilsen» kan ein også sjå. På baksida står det som regel «Til» og «Fra» med store forbokstavar. Givaren skriv sjeldan på kva jul det er snakk om, så pakkelappane er nesten alltid udaterte. Derimot er det vanleg at givaren brukar tittel, som frå onkel eller til bestemor.

– Pakkelappane hadde eit oppsving under krigen?

– Under krigen teikna dei norske så det suste. F.eks. blei Nils og Blåmann av Ivar Mauritz-Hansen, like kjende som Thorbjørn Egner sine figurar seinare blei.

– Omsynet til barna fekk eit oppsving på nokre felt i den trivielle bildeverda under krigen. Pakkelappane vitnar om korleis ein ville beskytta barna, det er ingenting i illustrasjonane som manar til krig. Dei illustratørane som teikna barn på postkort og pakkelappar, hadde høgsesong under krigen.

– Kva skjedde med dei norske pakkelappane?

– Sannsynlegvis kunne dei ikkje konkurrera på pris. Egil Torin Næsheim er ein som harpakkelapp_grøtnisse_croppet teikna julekort og pakkelappar fram til i dag, men stort sett er det norske, originale innslaget borte. I staden har me fått ein slags internasjonalisme. Pakkelappane er blitt ei vare der motivet ikkje kan tilbakeførast til noko land, men har eit uspesifikt og upersonleg uttrykk. Til gjengjeld lagar mange barn sine eigne kunstferdige pakkelappar før jul.

– Blei pakkelappane samla på i samtida, slik som mange andre små trykksaker?

– Eg har sett ein og annan pakkelapp saman med andre illustrerte trykksaker i scrap books, men aldri sett norske album der berre pakkelappar er limte inn. Dette tyder på at pakkelappane ikkje blei samleobjekt i noko særleg omfang. Ein av grunnane var nok at barna var meir opptatt av kva som var inni pakkane enn av pakkelappane. Ein annan kan vera at dei var sesongvare, og sidan barn ikkje fekk så mange julegåver, ville det tatt tid å byggja opp ei samling. Det skjer mykje oftare at ein kjem over pakkelappar i bøker, der dei er brukt som bokmerke.

– Pakkelappane har heller ikkje fanga interessa til kunstmusea eller kunsthistorikarane, enn seia antikvariata. Dette er framleis billeg drivgods.