Hopp til hovedinnhold

Historisk tilbakeblikk

I byrjinga av førre hundreåret blei det vanleg at barn og unge samla på små bildekort som følgde med ulike hushaldningsvarer. Korta kunne grupperast i seriar etter emne, f.eks. eventyr, fiskeslag eller idrettsheltar, og inviterte til samling. Samstundes reklamerte dei for produktet dei følgde.

I Norge kom dei første samlekorta i 1890-åra. Då hadde store firma i Europa, som buljongprodusenten Liebig og sjokoladefabrikanten Stollwerck, gitt ut samlekort i eit par tiår allereie. Her heime var Freia og Cloetta blant dei første som la samlekort i emballasjen, men i byrjinga blei korta importerte frå utlandet, særleg Tyskland. På dei utanlandsproduserte korta var det eit ledig felt som det lokale firmaet kunne trykka sitt eige namn på, såkalla tiltrykk. Først rundt 1905 kom dei første norskproduserte korta, men utanlandske med tiltrykk blei nytta av mange norske firma i fleire år etter dette. 

Følgde med sjokolade, kaffi, margarin og havregryn
Samlekort Gullivers reiseDet var hovudsakleg sjokolade- og kaffifabrikantar som la samlekort med vara, men også produsentar av andre hushaldningsvarer som margarin og havregryn, prøvde seg med slike kort. 

Produksjonen av samlekort nådde ikkje like stort omfang i Norge som i Europa, der samlarinteressa for Liebig-korta både i samtida og ettertida har vore enorm. Her til lands døydde skikken ut rundt 1915, dels på grunn av mangel på råstoff under første verdskrigen, dels fordi ein ikkje såg nokon salsfremjande effekt. Det fanst likevel spreidde tilløp til nye samlekort fram til midt på 1900-talet.

Sigarettkorta kom rundt 1925
Samlekort strongRundt 1925 dukka det opp ein ny farsott i Norge då sigarettkorta kom. Sjølv om dei gjekk under eit eige namn, var prinsippet det same som ved andre typar samlekort: Dei følgde emballasjen. Sigarettkorta blei svært populære, og mange seriar blei gitt ut før korta forsvann midt i 30-åra. Dei hadde ofte foto, mens dei tidlegare samlekorta for det meste var teikna av ein kunstnar eller illustratør.

Format
I Norge hadde sigarettkorta stort sett same format, men dei andre samlekorta var ikkje like standardiserte som i mange andre land der Liebig-korta dominerte. 

Her heime ser me eit stort mangfald når det gjeld storleik, bruk av tekst og plassering av firmalogo. Nokre seriar har ei framhaldsforteljing som kan gå over både 16, 24 og 42 kort, andre er utan tekst. Det vanlegaste var enkle kort i rekke eller serie, men nokon kunne samlast til dei utgjorde eit heilt firkort-spel.
samlekort_glott_teikningar

Kjelder

Pieske, Christa: «Das ABC des Luxuspapiers», Berlin 1983
Økland, Einar: Intervju 4. september 2011