Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Samlekort

I byrjinga av førre hundreåret blei det vanleg at større firma gav bort små bildekort som kunne grupperast i seriar etter emne, f.eks. eventyr, fiskeslag eller idrettsheltar. Korta inviterte til samling, men reklamerte samstundes for produktet dei følgde.

– Det er eit påfallande trekk at korta ikkje speglar barnet sjølv. Her er ikkje bilde av lekselesing, skuleliv, leik eller andre aktivitetar frå barns liv, seier Einar Økland.

I Norge kom dei første samlekorta i 1890-åra, men i byrjinga var dei produserte i utlandet. Først rundt 1905 byrja norske firma å laga sine eigne.

Samleriet fekk ikkje så stor utbreiing i Norge som i land med større folketal. Marknaden var ikkje stor nok til at opplaga blei høge. Norske samlekort er sjeldan å sjå på bruktmarknaden i dag.