Intervju med Økland om samlekort

– Det er eit påfallande trekk at korta ikkje speglar barnet sjølv. Her er ikkje bilde av lekselesing, skulegang, leik eller andre aktivitetar frå barns liv, seier Einar Økland.

– Kvifor er du interessert i samlekort?

samlekort_medina– Personleg er eg interessert i norske illustratørar. Dermed er eg meir nysgjerrig på dei handteikna samlekorta enn dei journalistiske, som har fotografi av f.eks. sportsprestasjonar. Eg er opptatt av å finna ut kven som teikna og kva tema dei tok opp – noko som også fortel litt om ei side av barnekulturen. For meg er korta eksempel, og ikkje noko eg samlar på for å få seriane komplette.

– Kva fortel samlekorta?

– Det var ei tautrekking mellom dei teikna og dei fotografiske korta. Generelt kan ein seia at korta prøvde å vekka samlarinteressa ved å velja tema som var aktuelle og framme i tida, f.eks. flygarar, skodespelarar og idrettsheltar. Korta legg dessutan vekt på gjenkjenning i val av motiv, som f.eks. norske eventyr og songar eller utanlandske teikneseriefigurar, som Mikke Mus og Bonzo.

– Det er eit påfallande trekk at korta ikkje speglar barnet sjølv. Her er ikkje bilde av lekselesing, skulegang, leik eller andre aktivitetar frå barns liv.

– Gjennom samlekorta utnytta produsentane lærestoff i reklameøyemed. Ein del av korta formidlar faktakunnskap om så ulike ting som fiskeslag, trafikkreglar og flagg frå ulike land. Dette informative, pedagogiske siktemålet stod likevel ikkje like sterkt i Norge som i andre land. Produsentane her har ikkje lagt så mykje samlekort_trafikkregler2omtanke i kunnskapsformidling som tyske Liebig, og har heller ikkje investert like mykje i val av tekst og kunstnarar.

– Korleis var kvaliteten på dei norske?

– Somme er fint teikna og bra trykte. Korta som følgde sjokolade var ofte meir mondene, elegante og forseggjorte enn kaffikorta. Freia har nokre seriar som skil seg ut med betre trykk, fargeval og effektar enn mange andre. Dei norske kaffikorta kunne vera relativt enkle og detaljfattige, og på kanten av det amatørmessige.

– I Norge har ikkje produsentane anstrengt seg så mykje og har ikkje alltid brukt gode illustratørar. Ein del av samlekorta verkar litt billegare og tarvelegare enn dei utanlandske. Dei har f.eks. ikkje dekorative rammer eller ranker. Ofte er dei trykte i færre fargar enn dei utanlandske, og strekane kan vera tjukke og grove. Når kjende reklameteiknarar og illustratørar er brukt, er korta spennande sjølv om dei elles er enkelt produsert.

– Er dei interessante sjølv om kvaliteten varierer?


– Ja, på fleire måtar. Blant anna fordi dei faktisk blei laga. Det fortel at barn blei meir lagt merke til av næringslivet. Det er interessant å sjå kva dei bydde barn. Kva fekk barn å sjå på? Korta har sitt tidspreg, og fortel kva ein tenkte om barn samlekort_fru_ekornog kva ein trudde skulle passa for dei.

– Trykkehistorisk er dei også interessante. Oslo og Stavanger var lenge dei store trykkeribyane, men det var ein konsentrasjon av kaffihus i Bergen, og kaffikorta er truleg trykte der.

– Kven illustrerte samlekorta?

– Mellom dei ein kan identifisera, er reklameteiknararne Otto von Hanno, Eyvin Ovrum og Arne Wold , som seinare blei avisteiknar. Jo Piene var kunstnar og ein god figurteiknar – det var truleg ei investering av Freia å bruka han. Hovudregelen var at «finkunstnarane» ikkje blei brukte – sjølv om ein del av dei teikna reklame innimellom, teikna dei ikkje samlekort. Korta blei illustrerte av folk som også laga bokomslag, magasin og illustrert reklame. Ein del av samlekorta er usignerte og laga av illustratørar som ikkje lykkast fullt så godt.

– Kva omfang hadde samlekorta i Norge?


– Samleriet i Norge har aldri fått ei slik utbreiing eller sin slik status som det har gjort i land med større folketal. Opplaga blei aldri store, og det skuldast nok at Norge var ein liten nasjon med lite kundegrunnlag – me har ikkje hatt ein massemarknad av same dimensjon som andre land. I mange land heldt dei produksjonen av samlekort oppe i tiår etter tiår. Dette krev at du skal engasjera illustratørar og tekstforfattarar, gå til trykkeriet og ha eit distribusjonssystem.

– Det var helst produsentar av kaffi, sjokolade og sigarettar som var store nok til å ta seg råd til samlekort i Norge. Omfanget av sigarettkort ser ut til å ha vore langt større enn samlekorta som følgde dei andre varene.

– Fabrikantane laga eigne album til ein del av sigarettkorta. Men i motsetnad til utlandet, blei det i Norge knapt laga album til å setja inn dei samlekorta som følgde hushaldningsvarene. Mange barn limte inn glans, brevmerke og andre fargerike trykksaker i bøker dei hadde sjølv, men det er sjeldan eg ser slike heimekomponerte samlingar av norske samlekort. Dette tyder på at det ikkje var samlekort_glott_sigaretterså mange som klarte å skaffa seg meir eller mindre komplette samlingar den gongen. Sidan opplaga ikkje var store, blei heller ikkje sjølve samleriet så omfangsrikt.

– Kvifor kom sigarettkorta etter at andre fabrikantar hadde slutta med samlekort i Norge?

– Gratis sigarettkort hadde vore ein langvarig tradisjon i USA og England, og den heldt seg i fleire tiår inn på 1900-talet. I Norge fantest det tidlege tilløp til sigarettkort, men først i 20-åra tok det av, akkurat som i Tyskland. Det var mange merke på marknaden, og konkurransen var hard dei imellom. Sigarettkorta var viktige for å skapa merkelojalitet, og både Glott, Langaard og Tidemand laga mange seriar.

– At omfanget av sigarettkort blei større enn andre samlekort, skuldast truleg at sigarettar var noko ein kjøpte mykje hyppigare enn f.eks. såpe og tannkrem. Røyking var moderne og forbruket høgt.