Hopp til hovedinnhold

Samlekort som samleobjekt

Samleriet fekk ikkje så stor utbreiing i Norge som i land med større folketal. Her var ikkje marknaden stor nok til at opplaga blei høge.

Samlekorta var gratis og dermed noko alle barn kunne få tak i. Med sine ofte fargerike bilde og med motiv som retta seg inn mot barn, blei desse masseproduserte korta ein viktig del av barnekulturen. Dei appellerte til barns blikk for fine bilde og glede over å eiga ein serie komplett. I dag er det vaksne som ser på korta med historisk interesse.

Denne samlinga inkluderer kort som har følgt med norske varer, enten korta er norskproduserte eller utanlandske med tiltrykk. Fordi dei sjeldan er å sjå på bruktmarknaden, er det grunn til å tru at dei ikkje kom i særleg store opplag. Det finst ikkje nokon oversikt eller katalog over norske samlekort, men einskildsamlarar kan sitja med kunnskap om feltet eller delar av det.

Glimt frå samlinga

 

SAMLEKORT FRÅ BERGEN

«Dei store kaffihusa, som Bjørneseth og Friele, låg i Bergen. Bjørneseth hadde fleire seriar som baserte seg på kjende norske songar, eventyr og forteljingar.» Einar Økland
Samlekort: Kaffehus

SIGARETTKORT

«Sigarettkorta hadde eit tydeleg spenningspreg, og var i mindre grad retta inn mot jenter. Med sine seriar om travbanar, boksing, fotball og flygarar, appellerte dei til gutane. Det var også mange unge gutar som røykte den gongen.» Einar Økland
Samlekort: Sigaretter

NORSKE FLYGARAR

«Dette med flyging var spennande fordi flyteknologien stadig var i utvikling og nye bragder blei utførte.» Einar Økland
Samlekort: Flygarar

TRAFIKKREGLANE

«Trafikkreglane er blitt spreidde i så mange medium, også på sigarettkort. Her har sigarettprodusenten Glott inngått eit samarbeid med K.N.A., Kongelig Norsk Automobilklubb.» Einar Økland
Samlekort: Trafikkort

KARIKATURAR

«Thoralf Klouman (1890-1940) var skodespelar, og blei ein kjend karikaturteiknar og petitskribent. Karikaturane som er gjengitt på desse sigarettkorta, var først publiserte som avisillustrasjonar. Dei følgde Akaba-kort frå Glott, og serien innheld meir enn 30 kort.» Einar Økland
Samlekort: Kloumann

EVENTYRFIRKORT

«Somme sigarettkort kunne samlast som firkort, slik at ein kunne spela med dei når samlinga var komplett. Ein full serie blei til eit kortspel med ti stikk. Desse firkorta er teikna av Otto von Hanno, og motiva er henta frå eventyr. Korta er truleg frå første halvdelen av 30-åra.» Einar Økland
Samlekort: Firkort

KORT MED TILTRYKK

«Mange norske firma importerte kort med eit blankt felt der dei sjølv kunne trykka sin eigen tekst. Somme av desse korta var hyperelegante, og du såg dei ikkje var laga i Norge. Tyskland masseproduserte slike trykksaker. Dei var glimrande laga.» Einar Økland
Samlekort: Tiltrykk

SAMLEALBUM

«Barn bytte og samla sigarettkort for å få komplette seriar som kunne setjast inn i eigne album, gitt ut av tobakksfabrikantane. Desse tre albuma frå Tiedemanns har plass til 48 kort kvar.» Einar Økland
Samlekort: Samlealbum