Hopp til hovedinnhold

Historisk tilbakeblikk

Ei utklippsbok – eller «scrap book» – er ei slags minnebok som eigaren har fylt med bilde, papirklipp eller små gjenstandar som betyr noko spesielt for han. På 1800-talet blei dei mote.

I utgangspunktet har utklippsbøkene tomme sider, der folk kan montera alt mogeleg som kan få plass mellom to permar. Desse frodige private bildebøkene er kvar og ei unike, og står som tidsvitne frå ei lang rekke historiske og tematiske felt.

Tidlege utklippsbøker på 1500-talet
I Tyskland har utklippsbøkene opphav i ein type minnebøker som oppstod på 1500-talet, såkalla «Stammbücher». Desse var særleg populære blant studentar, som samla helsingar og autografar frå familie og vener. Etter kvart fekk bøkene eit rikare innhald, då folk byrja lima inn teikningar, bilde og andre objekt med minneverdi. Også i England har utklippsbøkene ei historie som strekkjer seg tilbake til 1500-talet. Såkalla «commonplace books» blei brukte både til å samla poesi, kunnskap og visdomsord, og til å samla minne.

Mote å laga utklippsbøker
I byrjinga av 1800-talet blei det mote å laga utklippsbøker. Album frå denne tida inneheld som oftast pressa blomar, silhuettklipp, fjær, dikt og handlaga teikningar og akvarellar. I tillegg er det limt inn dekorative papirutklipp, der alle typar små – og ofte forgjengelege – trykksaker blei brukte, f.eks. finare emballasjepapir og illustrasjonar i aviser og tidsskrift. Det var helst dei velståande som hadde tid, pengar og utstyr til å dyrka denne skikken med å laga utklippsbøker. Heime i dei borgarlege stovene låg forseggjorte album ofte framme. Minne frå utflukter og menyar frå selskap blei beundra og danna utgangspunkt for konversasjon.

okland_utklippsbok_engelsk

Med auka velstand, lys i heimane og meir fritid utetter 1800-talet, byrja også folk frå middelklassen å samla ulike objekt og arrangera dei i album. Utklippsbøkene fekk eit oppsving då glansbilda kom for fullt i 1860-åra fordi tilgangen på fine bilde blei større. I England var det vanleg at utklippsbøkene inneheldt både glans og andre objekt side om side, f.eks. gratulasjonskort, teikningar og visittkort. I Norge ser me ikkje denne blandinga, her har glansbilda blitt limte inn for seg i eigne album.

Følgjer den teknologiske utviklinga
Utklippsbøkene har utvikla seg i takt med den teknologiske utviklinga – både når det gjeld sjølve albuma og når det gjeld bilda som blei brukte som råmateriale. I starten var albuma fulle av originale teikningar og akvarellar. Etter kvart som bilderike trykksaker blei masseproduserte og folk fekk ei overflod å velja mellom, blei det færre personlege handteikna og –malte innslag i bøkene.

To hovudgrupper
Alt som er flatt nok, kan i prinsippet limast inn i ei bok. Innhaldet i utklippsboka er berre avgrensa av eigarens fantasi, interesser og tilgang på materiale. Samanstillinga av eigne tekstar og innlimte objekt er personleg og ingen utklippsbøker er like. Dei kan likevel delast inn i to hovudgrupper:

  • Utklippsbøker med personleg innhald
  • Utklippsbøker med upersonleg innhald

okland_utklippsbok_koffertmerke

Blant dei personlege utklippsbøkene finn me tre typar. Den eine er vene- og minnebøker, der folka eigaren har rundt seg blir hugsa gjennom helsingane dei limer inn. Dagboka er ein annan type personleg utklippsbok. Eit vanleg eksempel her er reiseloggen, der eigaren limer inn billettar, brosjyrer og andre minne frå reiser. Den tredje typen er ein slags CV, eller ei omdømmesamling, der eigaren limer inn omtalar og anna stoff om seg sjølv. Slike utklippsbøker er som regel prestasjonsorienterte.

okland_utklippsbok_kristiania

Dei upersonlege utklippsbøkene kan ein dela inn i to grupper, der den første fokuserer på ei sak eller eit tema eigaren er interessert i. Eit eksempel er boka til ein mann som har samla avisutklipp av reaksjonar på stortingsvedtaket om at Kristiania skulle skifta namn til Oslo 1. januar 1925. Den andre gruppa fokuserer på sjølve materialet, og har innlimt ein bestemt objekttype, f.eks. tyggegummiemballasje eller kjolestoff.

Kjelder

Allen, Alistair og Joan Hoverstadt: «The History of Printed Scraps», London 1990 (1. utg 1983)
Nickson, M.A.E.: «Early Autograph Albums in the British Museums», London 1970
Ralf, Elisabeth: «Lyckliga stunder»,
Rickards, Maurice: «The Encyclopedia of Ephemera», London 2000
Smith, Gaye: «Sentimental Souvenirs. Victorian Scrap Albums from the Sir Harry Page Collection», utstillingskatalog ved Manchester Polytechnic Library, Manchester 1989
www.wikipedia.com, søkeord: Stammbuch_(studentisch), Scrapbooking og Commonplace_book
Økland, Einar: Intervju 14. og 15. november 2011