Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Utklippsbøker

Ei utklippsbok – eller «scrap book» – er ei slags minnebok som eigaren har fylt med bilde, papirklipp eller små gjenstandar som betyr noko spesielt for han. Desse frodige private bildebøkene er kvar og ei unike, og står som tidsvitne frå ei lang rekke historiske og tematiske felt.

– Mykje av dette materialet er små openbaringar av ting som elles hadde vore privat, bortgøymt og gløymt av allmenta, seier Einar Økland.

Å laga utklippsbøker blei mote i byrjinga av 1800-talet. Skikken fekk eit ytterlegare oppsving då glansbilda kom for fullt i 1860-åra, fordi tilgangen på fine bilde då blei større.

Utklippsbøkene er kvar og ein unike. Det er ikkje skrive noko generelt om dei i Norge, men som fenomen er dei omtalt i ulike utanlandske verk.Utklippsbøkene er kvar og ein unike. Det er ikkje skrive noko generelt om dei i Norge, men som fenomen er dei omtalt i ulike utanlandske verk.


Utklippsbok

Scrapbook med papirklipp innlimt i boka. Datert 1903; kunstnar ukjent.


Engelsk scrapbook

Engelsk postkortalbum der innhaldet er gratulasjonskort mottatt mellom 1880-åra og ca 1900.


Lakkert scrapbook

Engelsk scrapbook frå slutten av 1800-tallet med gratulasjonskort i samband med jul og nyttår.


Minnebok

Minnebok som tilhøyrde ei ung jente med navn Ågot Andersen. Her har ho limt inn foto og helsingar frå vennar og kjende. Datert 1885.