Hopp til hovedinnhold

Utklippsbøker som samleobjekt

Utklippsbøkene er så unike at det ikkje er skrive noko generelt eller utførleg om dei i Norge. Som fenomen er dei omtalt i ulike utanlandske verk.

Det ser ikkje ut til at særleg mange samlar på utklippsbøker spesielt, men einskilde album kan likevel vera svært interessante for samlarar dersom innhaldet knyter seg tematisk til det dei elles samlar på. Denne samlinga innheld vel 600 album, der rundt 2/3 er utanlandske.

Glimt frå samlinga

 

HANDKOLORERTE

«Då barn og unge byrja driva med dette, klipte dei ut illustrasjonar frå eittbladstrykk, magasin, vekeblad og utlesne bildebøker, som dei så limte inn. I første halvdel av 1800-talet var dei trykte i svart eller handkolorerte.» Einar Økland

Utklippsbok nr.9

AKVARELLAR

«Før dei industrielt produserte fargebilda blei vanlege, var utklippsbøkene fulle av av teikningar og akvarellar laga av eigaren eller venene hans.» Einar Økland

Utklippsbok nr.23

GJENNOMTENKTE ARRANGEMENT

«Her er ikkje reine linjer, men mykje variasjon. Me ser av arrangementa at dei er veldig gjennomtenkte.» Einar Økland

utklippsbok engelsk

TIL LYKKE

«I engelskpråklege land limte dei inn veldig mange av lykkeønskingskorta dei fekk. Det var 50-50 glans og kort.» Einar Økland

Utklippsbok nr.1

NORDISK STUDENTERMØTE


«Utklippsboka er unik og samanstillinga av eigne tekstar og objekt er personleg. Slike bøker er ikkje meinte for offentleggjering, men dei kan likevel bli det.» Einar Økland

utklippsbok nr.16

 

BLONDEPAPIR

«På 1800-talet klarte ein å tilverka industrielt blondepapir med ei mengd ørsmå detaljar. Dette gjennombrotne papiret blei brukt på kort og som rammer rundt teikningar, og finst i utklippsbøker frå den tida.» Einar Økland

utklippsbok nr.17

BLONDESAMLING

«Å få ein slik oversikt over blonder, synest eg er heilt fantastisk. Du kan seia det er ein meiningslaus variasjon, men også ufatteleg inspirerande. For meg er dette eit ekstremt poetisk uttrykk for omhug. Den har tydelegvis vore lappa og reparert, og truleg vore lagt fram mange gonger. Kor kan du sjå maken?» Einar Økland

utklippsbok_blonder

BILDEBØKER FOR BARN

«Vaksne laga utklippsbøker til barna og dei blei brukte som bildebøker.» Einar Økland

Utklippsbok nr 28 - Bondegård

APPELSINPAPIR

«Mange av utklippsbøkene er reine materialsamlingar. Stundom berre av éin materialtype, gjerne av dekorativ emballasje.» Einar Økland

utklippsbok nr.6