Intervju med Økland om utklippsbøker
– Kvifor samlar du på utklippsbøker?
– Sidan eg ikkje hadde sett så mange av dei, blei eg nysgjerrig og fekk lyst til å sjå fleire. Men personleg er det to typar album eg aldri kjøper: Sport og politikk. Eg har rett nok ei veldig fin utklippsbok om skiløping, men den fekk eg tilfeldig.
– Jo fleire eg ser, jo meir ser eg fellestrekk og jo meir ser eg avvikande trekk. Nokre album har eit poetisk uttrykk, nokre har eit periodeuttrykk og nokre har eit personleg uttrykk. Eg er opptatt av alle desse sidene. Eg er også interessert i dei fordi dei viser ein utbreidd trong hos menneska til å dokumentera seg sjølv og halda noko fast i erindringa. Samstundes ser eg kor fort tida går, og kor fort noko nært, vanleg, dagleg og trivielt, blir aparte, sjeldant og spesielt.
– Mykje av dette materialet er små openberringar av ting som elles hadde vore private, bortgøymde og gløymde av allmenta.
– Eg har aldri hatt trong for å laga utklippsbok sjølv, men eg synest det er viktig at nokon har auge for det. Så du kan seia at eg både har ei antikvarisk interesse for dette, og ei interesse for å finna ut kva verd me lever i.
– Kva kan utklippsbøkene fortelja?
– Somme av utklippsbøkene inneheld personlege minne som går i arv i familien. Dersom eigaren var kjend har albumet ei viss personalhistorisk interesse, og endar kanskje opp i eit offentleg arkiv til slutt. Dei upersonlege utklippsbøkene er ikkje så mykje etterspurde, men eg meiner materialsamlingar har sosialhistorisk interesse. Eg har f.eks. albumet til ein svenske som klipte ut alt om Norge 9. april. Her er mykje rart som mange nordmenn ikkje kjenner til.
– Eg er interessert i trykksaker generelt, og utklippsbøkene fortel ein heil del – rett og slett fordi mykje av det som finst der elles er blitt kasta. F.eks. har ei ung jente frå borgarskapets Oslo limt inn alle ballkorta sine. Sjølv om dei delte ut 50 ballkort den kvelden, er kanskje 49 kasta.
– Folk måtte ha pengar og tilgang på ting å lima inn, for å laga utklippsbøker. Dei måtte ha tid og reine hender. I England, Tyskland og Frankrike var det eit stort borgarskap som heldt på med slikt, medan me i Norge berre hadde nokre få hundre familiar av rikfolk og embetsfolk på siste halvdelen av 1800-talet. Utklippsbøkene fortel mykje om kva liv dei levde, kva dei hadde tilgang til og kva dei konsentrerte seg om. Utklippsboka var ei viktig bok i livet deira – dei har både laga den og lese den.
– Kva bøker brukte dei til å lima inn utklippa i?
– Tidleg på 1800-talet fanst det eigne bøker for innliming som det stod «Album» utanpå. Arka hadde ulike fargar og ulike rammer som var prega inn, slik at ein kunne laga ei variert bildebok. Seinare på 1800-talet var marknaden for utklippsbøker blitt så stor at albuma blei masseproduserte. Permane hadde ofte dekor og mønster i pregtrykk. Utanpå kunne det stå «Scraps», «Poesie» eller «Autographs». Dei to sistnemnde var meint som minnebøker. Men mange av dei fine trykksakene har vist seg å vera meir levedyktige enn papiret dei var limte på, som no smuldrar opp.
– Frå ca 1910 forsvann albuma med dekorerte permar. I staden byrja folk bruka ordinære protokollar som hadde kontor- eller arkivpreg. Utklippsboka var ikkje lenger ein prydgjenstand som låg framme, men blei meir privat.
– Barn tok ofte det dei hadde, og brukte kladde- eller stilbøker. Sidene skulle dekkast til likevel, så det var ikkje så farleg.
– Kva kjenneteiknar dei norske utklippsbøkene?
– Det særprega for dei norske utklippsbøkene er at dei er norske. Norsk eigar. Norsk innhald. Norske element. Norsk tid. Norsk mentalitet. Eit norsk hus kan vera minneverdig av så mange ulike grunnar – det kan f.eks. ha tidstypisk arkitektur, særprega materialer, kjend eigar eller vera historisk viktig. Slik er det også med norske utklippsbøker: Grunnane for at dei er interessante, er forskjellige.