Hopp til hovedinnhold
av Marius Gustavsen Paulsen sist endret 2023-12-29T13:28:25+02:00
Ragna Svae får jobben som kommunikasjonsansvarleg ved Norsk villreinsenter på Hjerkinn. Ho flyttar frå Trondheim til eit knøttlite samfunn på Dovrefjell. Her vil ho starte eit nytt liv.
Torsdag 14. mars 13:00
Fana bibliotek, salen

Kontakt

Snart får Ragna i oppgåve å skrive ein NOU-rapport om villreinen og om fjellet si etiske stemme. Kollegaene meiner rapporten er nok eit papir for skrivebordsskuffa, men Ragna ser for seg eit modig dokument med politisk sprengkraft. Kven er fjellet sine heltar og skurkar? spør ho og lanserer eit upopulært svar. Arbeidet hennar utløyser sterke reaksjonar. Ei anonym trusselmelding dukkar opp - er ho trygg på kontoret, er ho trygg i sin eigen heim? Om fiendane er utspekulerte, er ikkje Ragna heilt framand for dristige arbeidsmetodar sjølv heller.
Ragna håpar at kjærasten Lars vil flytta etter ho på sikt. Men arbeidet med rapporten kvervlar opp hendingar i fortida. Eit djupt sakn tek tak i ho og dyttar ho i ei drastisk retning.
 
"Høgfjellsmeldinga er ein poetisk pageturner om kontorliv, naturrestaurering og radikale meiningar, om forelsking, hemn og usynlege drivkrefter".
 
Guri Sørumgård Botheim (f. 1978) kjem frå Lesja og flytta nyleg til nabokommunen Dovre, etter mange år i Trondheim. I lag med systera Sigrid debuterte ho med romanen Ramstein pensionat i 2009. Sigrid og Guri har vore humorskribentar saman og er kjente for særeigne framføringar. I 2016 gav Guri ut Heime mellom istidene, ei diktsamling om kva det vil seia å kjenne seg heime, om ansvar og om erindring som tinar fram. Høgfjellsmeldinga vidarefører tema frå diktsamlinga, men knyter seg nærare eit dagsaktuelt konfliktstoff: Kven har rett til å bruke fjellet og til kva? Guri har eit hovudfag i allmenn litteraturvitskap frå NTNU og har gått på Forfattarstudiet i Bø. Ho arbeider som rådgjevar i Norsk Forfattersentrum.
 
Velkommen til forfattarsamtale med Botheim den 14. mars klokken 13:00 på biblioteket!
 
Lån boken hennar "Høgfjellsmeldinga" her på Bergen offentlige bibliotek i dag.
Bergen Offentlige  Bibliotek

Forfattersamtale med Guri Sørumgård Botheim

Forfattersamtale med Guri Sørumgård Botheim

Ragna Svae får jobben som kommunikasjonsansvarleg ved Norsk villreinsenter på Hjerkinn. Ho flyttar frå Trondheim til eit knøttlite samfunn på Dovrefjell. Her vil ho starte eit nytt liv.

  • Torsdag 14. mars
  • 13:00 - 14:00
  • Fana bibliotek, salen
  • GRATIS