PEGI vert brukt i dei fleste landa i Europa og Det Norske Medietilsynet støtter PEGI-systemet fullt ut. Merkinga skal fyrst og fremst hjelpe foreldre å gjere rette val når dei kjøper dataspel, og sikre at mindreårige ikkje utsetjast for upassande spel.
Systemet er utforma av ISFE (the Interactive Software Federation of Europe) som representerar programvareindustriens interessar ovanfor EU og internasjonale institusjonar.
PEGI består av symbol med fargekodar og ei skildring av symbola for å gje brukarane best mogeleg informasjon. PEGI-systemet er sett saman av fem alderskategoriar og åtte innhaldsmerke, laga for å visa aldrane spel passar for og for å greia ut om innhald i spela. PEGI skal fyrst og fremst hjelpe foreldre å gjere rette val når dei kjøper dataspel, og sikre at mindreårige ikkje utsetjast for spel som er upassande for deira aldersgruppe.
Aldersmerkingsystem vert brukt på filmer og dataspel for å tydeleggjere kva aldersgruppe dei er best egna til. I Noreg set Statens Filmtilsyn aldersgrense på filmar, men på dataspel er det PEGI si aldersmerking som gjeld. Ei aldersmerking er ikkje ei juridisk grense slik ein aldersgrense er. PEGI er bransjen sin eigen sjølvregulerande ordning for å hjelpe forbrukarane, og er ikkje del av norsk lov. Aldersmerkinga tek ikkje hensyn til vanskelegheitsgrad eller eventuelle ferdigheiter som krevjast for å kunne spele eit spel, men er utelukkande basert på kor passande spelets innhald er med hensyn til mindreårige. Me ser ofte at spel med PEGI-aldersmerkinga 3+ er svært populære hjå ungdom og vaksne også.
Sjølv om de fleste spel (49%) egner seg for spelarar i alle aldrar, er det mange som berre er eigna for større barn eller tenåringar. Nokon spel (4%) egner seg dessutan berre for vaksne over 18 år.
Vold |
Ufint språk |
Sex |
Diskrimi-nering |
Narkotika |
Online |
Frykt |
Gambling |
Bergen Offentlige Biblioteket brukar PEGI-system som rettleiing når me låner ut spel. Sjølv om PEGI kan vere nyttig er det aller viktigaste uansett ”…at foreldre engasjerer seg i sin barns spillhverdag, og spiller sammen med dem.”
På Wikipedia kan ein lese meir om alders- og innhaldsmerkinga.
Kjelder
- PEGI 2.0 – dataspillmerkingen forbedres
- Statistikk om PEGI
- PEGI - offisiell norsk heimeside