av EON sist endret 2022-09-22T11:57:25+02:00
Maria Horvei (f. 1988) er skribent, kritiker og forlagsredaktør. Hun debuterer i høst med romanen Gratulerer med dagen.

Gratulerer med utgivelsen! Kan du gi en kort beskrivelse av boken?

Takk! Boka heiter Gratulerer med dagen, og er ein roman som utfaldar seg på ein 17. mai i ei lita vestlandsbygd. Lesaren får følgje med på fire personar som gjer sitt beste for å kome seg gjennom dagen med æra i behald, med spørsmål om nasjonalkjensle, Noregs plass i verda og tilhøyre som ein slags understraum til det heile.

Hva er bakgrunnen din?

Vill og brokete! Neidå. Eg har vore litteraturkritikar i kring ti år, og var redaktør for litteraturtidsskriftet Vinduet mellom 2018 og 2021. Elles har eg jobba som journalist, som musikk- og kunstkritikar og generelt skrive ein god del for ulike aviser og tidsskrift. I haust byrja eg som forlagsredaktør for oversatt skjønnlitteratur i Aschehoug, så der er eg no. Men om du vil gå heilt tilbake, vaks eg altså opp på eit småbruk på Bolstad, ei bygd omtrent ein tredjedel på vegen mellom Voss og Bergen.

Kan du fortelle litt om prosessen frem til ferdig bok?

Det byrja som eit notat i telefonen om ein ung mann som var komen tilbake til heimbygda for å halde tale for dagen på 17. mai, og så vaks det seg vidare derifrå.

Hvilke forventninger hadde du til det å debutere?

Eg håpar så klart at det går greitt, at lanseringsfesten vert gøy og at folk vil lese. Men å forvente seg noko som helst ville vore veldig rart, syns eg. Eg har skrive ei bok, det er ingen som skuldar meg noko av den grunn.

Kan du anbefale fem bøker og si litt om hver tittel?

Veldig gjerne! For å avgrense søket tek eg fem bøker eg har lest det siste året, som ikkje har vore i samband med kritikar/redaktør-jobbing.

1. Benjamin L.B. Lipscomb, The Women are Up to Something: How Elizabeth Anscombe, Philippa Foot, Mary Midgley and Iris Murduch Revolutionized Ethics.

Ein forunderleg lettlest og medrivande gruppebiografi om fire mildt sagt interessante kvinner, som samstundes er ei strålande innføring i moralfilosofiens moderne historie. Sterkt anbefalt som motvekt til den relativistiske tilnærminga til etikk og moral.

2. Claire-Louise Bennet, Kasse 19

Langt på veg er dette ei bok sentrert kring eg-forteljarens lesing av litteratur, kvar ho var i livet sitt i møtet med ulike forfattarskap, hennar eigen veg inn i å skrive sjølv. Det er meir enn nok for meg, eigentleg, men det som verkeleg løftar det er a) Bennets heilt distinkte stemme og evne til å balansere ein setning, og b) måten ho strammar greper mot slutten av boka. Mein Gott så bra det er.

3. Elisabeth Hardwick, Sleepless Nights

Ja, eg har altså ei for forkjærleik for (sjølv)biografisk litteratur, som Sleepless Nights også er. Men i tillegg er det truleg blant dei ti beste bøkene eg har lest uavhengig av kategori, med eit språk som er hinsides elegant og som samstundes klorar på nervene til noko essensielt menneskeleg.

4. Ayad Akhtar, Homeland Elegies

Ok, det er lengre enn eit år sidan eg las denne, men når kryssingspunktet skjønnlitteratur/biografi/autobiografi fyrst vart eit tema.. Ein son av innvandrarar til USA skriv om far sin, som éin gong var lege for Donald Trump, og som enda med å stemme på han i 2016. Avsindig godt og komplekst om å stå mellom to kulturar som du både elskar og foraktar.

5. Olivia Laing, Crudo

Dette er Laings fyrste og til no einaste roman - og den er god, men eigentleg er det Olivia Laing sine essays eg vil anbefale. Hennar varemerke er kombinasjonen av personleg essayistikk, biografi og kulturkritikk, og det meste ho skriv er heilt briljant. Begynn med The Lonely City, som drøftar einsemd med utgangspunkt i fire kunstnarar: Andy Warhol, Edward Hopper, Henry Darger og David Wojnarowicz. Og så kan du ta det vidare derifrå.

Hva har biblioteket som institusjon betydd for deg?

Eg har alltid elska biblioteket, heilt sidan eg fyrst kleiv inn i min fyrste bokbuss og lånte med meg tre Berit-bøker heim. Kjærleiken fekk seg ein kraftig renessanse då eg skreiv masteren min i kunsthistorie for ei stund tilbake, då eg i tillegg til å ha veldig lite pengar på konto, hadde ein enorm appetitt på bøker som ikkje omhandla tysk mediefilosofi. Den skjønnlitterære samlinga til Universitetet i Oslos hovudbibliotek viste seg å vere ein skjult (les: skjult for meg gjennom alle føregåande år på Blindern) skatt - eg trur ikkje det skjedde meir enn éin gong at eg leitte etter ei bestemt bok utan å finne ho. Ryktene skal ha det til at innkjøpsbudsjettet til UiO sine bibliotek var ekstremt godt fram til 2015 (eller noko slikt), men at utvalet av skjønnlitteratur med seinare utgjevingsår er monaleg dårlegare. Heldigvis vart det skrive veldig mykje god litteratur før 2010-talet òg.

I seinare år har eg måtte avgrense låneaktiviteten min til eit absolutt minimum, då eg er heilt avsindig dårleg på å levere tilbake til rett tid.